Kjendis

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Kjendis er ei nemning brukt om ein person kjend til av mange menneske som dei ikkje kjenner sjølv. Det er som regel gjennom massemedia at menneske blir kjendisar.

Å vera kjendis inneber at mange kjenner utsjånaden og delar av privatlivet til den kjende personen. Sladder om kjendisar er ein viktig del av laussnakk folk imellom[1] og står for mykje av innhaldet i fleire vekeblad og aviser.

Ein kan bli kjend gjennom enkelthandlingar (som å gå på ski til Sørpolen), leveveg (som å spela i store filmar) eller avstamming (som å høyra til ein kongeleg familie). Å vera kjendis kan vera sjølvforsterkande, ved at ein kjend person stadig blir vist fram i media og dermed blir kjend av endå fleire.

Mykje «reality»-fjernsyn speler på kjendisomgrepet, både ved å gjera vanlege, ukjende folk om til kjendisar, og ved å invitera kjendisar til å ta del i program som Skal vi danse og I'm a Celebrity, Get Me out of Here!.

Ordsoge[endre | endre wikiteksten]

«Kjendis» er eit nyord som blei skapt i det svenske fjernsynsprogrammet «Skäggen» i 1963 og deretter lånt inn til norsk.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Kate Fox: Watching the English (Hodder & Stoughton 2005)
Spire Denne medieartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.