Kjerag

Koordinatar: 59°01′22″N 6°34′12″E / 59.02278°N 6.57000°E / 59.02278; 6.57000
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kjerag
fjell
Land  Noreg
Område Forsand (Rogaland)
Høgd 1 110 moh.
Koordinatar 59°01′22″N 6°34′12″E / 59.02278°N 6.57000°E / 59.02278; 6.57000
Kart
Kjerag
59°01′59″N 6°35′45″E / 59.033055555556°N 6.5958333333333°E / 59.033055555556; 6.5958333333333
Wikimedia Commons: Kjerag

Kjerag er eit fjellplatå på sørsida av Lysefjorden i Forsand kommune i Rogaland fylke. Platået er eit kjent turistmål i regionen. Det høgaste punktet er 1110 meter over havet, men det er nordsida med eit fall på 984 meter ned til Lysefjorden som trekkjer til seg dei fleste turistane, inkludert mange basehopparar.

Mann på Kjeragbolten.

I vestre del av platået finst Kjeragbolten, som er ein 5  stor stein. Steinen er kilt i ei kløft i fjellet 1000 m over Lysefjorden.

Turstien til Kjerag startar ved Øygardstølen – ein restaurant 640 m over Lysebotn. Ein gåtur inn til Kjerag kan ta noko over to timar kvar veg.

BASE-hopping[endre | endre wikiteksten]

Kjerag har vorte ein populær stad for BASE-hopping. Frå 1994 til 2008 vart det utført 29 000 hopp.[1] Arkivert 2010-03-12 ved Wayback Machine. Frå 1994 til 2005 mista 9 basehopparar livet ved Kjerag, dei fleste av dei frå utlandet. [2] Arkivert 2007-09-30 ved Wayback Machine.

I den norske dokumentarfilmen Loop kan ein sjå Kristen Reagan som først klatrar opp dei 1000 metrane og så kastar seg utfor same fjellvegg med fallskjerm.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]