Kjerrsongarar
| Kjerrsongarar | ||
|
|
||
| Systematikk | ||
| Rike: | Animalia | |
| Rekkje: | Chordata | |
| Klasse: | Aves | |
| Orden: | Passeriformes | |
| Familie: | Acrocephalidae | |
| Slekt: | Acrocephalus | |
| Artar | ||
|
||
Kjerrsongarar er ei biologisk slekt Acrocephalus av ca. 37 fugleartar i familien Acrocephalidae, tidlegare plassert i songarfamilien. Artane er vanlegvis knytt til fuktige habitat. Artar i denne slekta som er godt kjente frå leveområde i Noreg er sivsongar, myrsongar og røyrsongar.[1]
Dei fleste kjerrsongarar[2] er brune eller beigefarga og ofte ljosare på undersida. Kroppsforma er lang med spist nebb og flat panne. Kjerrsongarar trivst stort sett i nærleiken av myr, i takrørskog og andre fuktige område. Songane varierer frå art til art, men mange kjerrsongarar, som myrsongar, imiterer andre artar. Songane er ofte ganske lite føreseielege, og nokre artar kan vere vanskeleg å identifisere ut frå læte. Mange artar har ein flat hovudprofil, som gjev opphav til det vitskaplege namnet på slekta.
Mange er trekkfuglar og artar som hekkar i tempererte område hekkar sterkt sesongmessig.
Den mest gåtefulle arten i slekta, stornebbsongar, Acrocephalus orinus vart gjenoppdaga i Thailand i mars 2006. Han er omtala som «verdas minst kjente fugl»[3] og var kjent frå berre eitt tidlegare funn, i 1867.[4] Han vart òg funnen i Wakhan-korridoren i Afghanistan sommaren 2009.[5]
Artslista [endre]
Acrocephalus-songarar i rekkjefølgje etter Clementslista versjon 6.7 frå september 2012[6] med norske namn etter Norske navn på verdens fugler.[7]
- Tamarisksongar, Acrocephalus melanopogon
- Vassongar, Acrocephalus paludicola
- Sivsongar, Acrocephalus schoenobaenus
- Mingsongar, Acrocephalus sorghophilus
- Tvebrynsongar, Acrocephalus bistrigiceps
- Mandsjuriasongar, Acrocephalus tangorum
- Åkersongar, Acrocephalus agricola
- Buttvengsongar, Acrocephalus concinens
- Røyrsongar, Acrocephalus scirpaceus
- Afrikarøyrsongar, Acrocephalus baeticatus
- Busksongar, Acrocephalus dumetorum
- Myrsongar, Acrocephalus palustris
- Trastsongar, Acrocephalus arundinaceus
- Orienttrastsongar, Acrocephalus orientalis
- Stentorsongar, Acrocephalus stentoreus
- Stornebbsongar, Acrocephalus orinus
- Mesopotamiasongar, Acrocephalus griseldis
- Australtrastsongar, Acrocephalus australis
- Nattergalsongar, Acrocephalus luscinius
- Karolinesongar, Acrocephalus syrinx
- Naurusongar, Acrocephalus rehsei
- Nihoasongar, Acrocephalus familiaris
- Bokikokikosongar, Acrocephalus aequinoctialis
- Tahitisongar, Acrocephalus caffer
- Tuamotusongar, Acrocephalus atyphus
- manglar norsk namn, eng: Rimitara Reed-Warbler, Acrocephalus rimitarae
- Pitcairnsongar, Acrocephalus vaughani
- Hendersonsongar, Acrocephalus taiti
- Marquesassongar, Acrocephalus mendanae
- Kerearakosongar, Acrocephalus kerearako
- Papyrussongar, Acrocephalus rufescens
- Kappverdesongar, Acrocephalus brevipennis
- Kaffersongar, Acrocephalus gracilirostris
- Damsongar, Acrocephalus newtoni
- Rodriguessongar, Acrocephalus rodericanus
- Seychellsongar, Acrocephalus sechellensis
Kjelder [endre]
- Denne artikkelen bygger på «Acrocephalus» frå Wikipedia på svensk, den 17. oktober 2010
- Svensson, Lars et al (1999). Gyldendals store fugleguide. Gyldendal norsk forlag. ISBN 82-05-25554-7. http://ask.bibsys.no/ask/action/show?pid=990603598&kid=biblio.
Referansar [endre]
- ↑ Norgeslisten hos NOF
- ↑ Namn frå Svensson et al
- ↑ Birdlife International, World's least known bird' found breeding in Afghanistan 15.januar 2010
- ↑ BirdLife International (2010) Species factsheet: Acrocephalus orinus. Lest frå http://www.birdlife.org 17. oktober 2010
- ↑ Timmins, Robert J.; Naqeebullah Mostafawi, Ali Madad Rajabi, Hafizullah Noori, Stephane Ostrowski, Urban Olsson, Lars Svensson, Colin M. Poole (2009). «The discovery of Large-billed Reed Warblers Acrocephalus orinus in north-eastern Afghanistan». BirdingAsia (12): 42-45.
- ↑ Clements, J. F., T. S. Schulenberg, M. J. Iliff, B.L. Sullivan, and C. L. Wood (september 2012) (Excel spreadsheet), The Clements checklist of birds of the world: Version 6.7, Cornell Lab of Ornithology, http://www.birds.cornell.edu/clementschecklist/Clements%20Checklist%206.7.xls/view, henta 1. oktober 2012
- ↑ Syvertsen, P. O., Ree, V., Hansen, O. B., Syvertsen, Ø., Bergan, M., Kvam, H., Viker, M. & Axelsen, T. 2008. Virksomheten til Norsk navnekomité for fugl (NNKF) 1990-2008. Norske navn på verdens fugler. Norsk Ornitologisk Forening sin nettstad (publisert 22.5.2008)