Kjetil A. Lie

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kjetil A. Lie


Statsborgarskap Noreg
Fødd 18. november 1980 (43 år)
Porsgrunn
Idrett sjakk
Tok del i

Sjakk-OL 2000, Sjakk-OL 2002, Sjakk-OL 2004, Sjakkolympiaden 2006, Sjakk-OL 2008, Sjakkolympiaden 2014

Kjetil Aleksander Lie (fødd 18. november 1980) i Porsgrunn er ein norsk sjakkspelar. Han blei utnemnd til den åttande norske stormeisteren i sjakk i 2005. Han har blitt Noregsmeister i sjakk både i 2009 og 2010[1], og har dermed fått to kongepokalar.

Sjakkarriere[endre | endre wikiteksten]

Lie blei Internasjonal meister i sjakk i 2002. Dei tre nødvendige turneringsresultata kom i Noregsmeisterskapen i sjakk i 2001[2], Gausdal Troll Masters 2002[3] og Gausdal Classics 2002[4].

Dei tre nødvendige sterke turneringsresultata som kvalifiserte for stormeister-tittelen kom i den norske seriemeisterskapen for klubblag vinteren 2003-2004, Politiken Cup i København sommaren 2004, og i Smartfish Chess Masters i Drammen i desember-januar 2004 til 2005. Etter desse tre turneringsresultata, mangla Lie nokre få rating-poeng på det nødvendige kravet om å ha oppnådd ein eigen rating på 2500. Han vann så dei to første rundane i ei lokal turnering i Porsgrunn i slutten av februar 2005. Det gjorde deretter ingen ting at han tapte det neste partiet - etter dei to første partia var ratingen oppe i 2500,5.

Kjetil A. Lie har deltatt 5 gongar på det norske landslaget i sjakk-OL (lag-VM i sjakk), i åra 2000, 2002, 2004, 2006 og 2008. Han har eit samla resultat på 25 sigrar, 16 remisar og 14 tap, 32 poeng på 54 parti, 59,3 %[5]. Særleg innsatsen i sjakk-OL i Dresden i november 2008 var god, med 5 poeng på 8 parti og ratingprestasjon på 2651.[6]. Sigeren i 3. runde mot stormeister Bu Xiangzhi frå Kina, rating 2714, bidrog sterkt til at Noreg slo 3. rangerte Kina 2,5-1,5.

Kjetil A. Lie har vore sekundant for Magnus Carlsen både ved den VM-kvalifiserande Kandidat-turneringa i Elista våren 2007, og i den VM-kvalifiserande Verdscupen i sjakk 2007 i Khanty-Mansijsk i november-desember 2007. Som sekundant hjelper han Magnus Carlsen med førebuing til partia og analyser.

Kjetil A. Lie spelar for Porsgrunn sjakklubb, og er den første norske stormeisteren busett utanfor Oslo-området. Han er ein eldre bror til sjakkspelaren Espen Lie.

«Kjetil er regnet som en av Norges fremste taktikere, med en publikumsvennlig stil - en norsk Tal på sitt beste. Ofre basert på variantregning og intuisjon er Kjetils varemerke - - - », Atle Grønn i Norsk Sjakkblad nr 2-2004 side 19.[7]

Minneverdig sjakkparti[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Resultat stikkamp om NM 2010
  2. Norsk Sjakkblad nr 4 - 2001, side 8
  3. Norsk Sjakkblad nr 2 - 2002 side 18-19
  4. Norsk Sjakkblad nr 3 - 2002 side 4
  5. Kjetil A. Lie sine OL-resultat hos Olimpbase
  6. Resultata til det norske laget i sjakk-OL i Dresden, arkivert frå originalen 4. mars 2016, henta 28. februar 2009 
  7. Norsk Sjakkblad nr 2-2004 s. 19

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]