Kjetil Bjerkestrand

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kjetil Bjerkestrand
Fødd18. mai 1955 (68 år)
FødestadKristiansund kommune
OpphavNoreg
Sjangerfolkemusikk
Instrumentpiano
PlateselskapGrappa
Verka sommusikar, komponist, pianist, musikkprodusent, filmmusikkomponist

Kjetil Bjerkestrand (fødd 18. mai 1955) er ein norsk pianist, komponist, produsent og arrangør.

Karriere[endre | endre wikiteksten]

Bjerkestrand har vore aktiv innan norsk musikkliv sidan nittenåttitalet, og har vore involvert i ei lang rekkje samarbeidsprosjekt. Eit utval artistar han har samarbeidd med i ei eller anna form er Dance With a Stranger, Jonas Fjeld, Marius Müller, A-ha, TNT, Bjørn Eidsvåg, Arve Tellefsen, Carola, Lynni Treekreem, Herborg Kråkevik, Ray Charles og Dee Dee Bridgewater.

I 2009 komponerte han musikk til teaterstykket om Sangen om den røde rubin, saman med Anne Grete Preus. Bjerkestrand har også arrangert jolemusikk for Sissel Kyrkjebø, då ho opptrådte saman med The Mormon Tabernacle Choir i Salt Lake City.

Debutplata hans som soloartist vart ikkje utgjeven før i 2010. Ho fekk namnet Piano Poems, vart innspelt i Kulturkyrkja Jakob i Oslo, og kom ut på Kirkelig Kulturverksted.

Bjerkestrand har vorte tildelt Gammleng-prisen i 1988 i klassen studiomusikk. For filmmusikken til Hotel Oslo fekk han og Furuholmen Edvard-prisen i 1998.

Filmmusikk[endre | endre wikiteksten]

Bjerkestrand har også komponert ein god del bakgrunnsmusikk til film og fjernsyn gjennom karrieren sin, ofte saman med Magne Furuholmen frå A-ha. Dei to har teke kunstnarnamnet Timbersound. Her fylgjer ei liste over filmmusikk komponert av Bjerkestrand:

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

Her fylgjer ei liste over plateutgjevingar av Bjerkestrand, bortsett frå filmmusikken.

  • Gull, røkelse og myrra (1995) med Tora Brunborg
  • Prima Luna (1997) med Tora Brunborg
  • Piano Poems (2010)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]