Kjetil Jansrud

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kjetil Jansrud


Statsborgarskap Noreg
Fødd 28. august 1985 (38 år)
Stavanger kommune
Idrett alpint
Tok del i

Vinter-OL 2006, Alpint under Vinter-OL 2014 – Utfor menn, Alpint under Vinter-OL 2014 – Super-G menn, Alpint under Vinter-OL 2010 – Storslalåm menn

Utmerkingar

Aftenpostens Gullmedalje

Kjetil Jansrud (fødd 28. august 1985) er ein norsk alpinist frå Vinstra. Han har tre olympiske medaljar av tre ulike valørar, vunne i tre ulike øvingar, og ein VM-medalje i ei fjerde type øving. I 2010 tok han sølvmedaljen i storslalåm under vinter-OL i Vancouver. Fire år seinare fekk han fyrst OL-bronsen i utforrennet under vinterleikane i Sotsji, før han så vart olympisk meister i super-G-tevlinga i same leikane. I VM i alpine greiner 2015 vann han sølvmedaljen i kombinasjon.

Karriere[endre | endre wikiteksten]

Jansrud starta karrieren sin i 2001/2002, allereie som sekstenåring, då han deltok i Europacupen i alpint. Han debuterte på internasjonalt seniornivå 19. januar 2003 i Wengen i slalåm og var med i verdscupsesongen 2004/2005. Jansrud var òg med i den norske troppen til VM 2005 i Bormio.

Det beste resultatet til Jansrud i verdscupen til no er ein tredjeplass. Jansrud fekk det fyrste møtet med pallen i storslalåm i Adelboden den 10. januar 2009.[1] Jansrud låg på 14. plass etter fyrste omgang, men køyrde seg inn til ein tredjeplass i andre omgang. Han enda opp 72 hundredelar bak vinnaren Benjamin Raich, og 48 hundredelar bak andreplassen til Massimiliano Blardone.

I tillegg har han to fjerdeplassar. Den fyrste kom i desember 2005 i slalåmrennet i Beaver Creek. Den andre kom tre år seinare, i desember 2008 på same stad, men denne gongen i storslalåm.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Jansrud endelig på pallen». NRK. 20. januar 2009. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]