Kjetil Mårdalen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kjetil Mårdalen
Statsborgarskap Noreg
Fødd 12. januar 1925
Tinn kommune
Død

4. november 1996 (71 år)

Idrett kombinert
Tok del i

Vinter-OL 1956

Kjetil Mårdalen (12. januar 19254. november 1996) var ein kombinertløpar og langrennar frå Tinn kommune, der han også døydde. Han vann bronsemedaljen i kombinert under verdsmeisterskapen i 1954 i Falun. Året etter gjekk han heilt til topps i Svenska skidspelen. Mårdalen representerte Tinn Skilag. Langrennaren Jon Mårdalen var far hans.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Kjetil Mårdalen kom på sjetteplass i kombinertrennet under ski-VM 1950 i Lake Placid i USA. Året etter tok han sølvmedaljen i noregsmeisterskapen; 4,5 poeng bakom Simon Slåttvik, men 1,4 poeng framom Sverre Stenersen.

I VM på ski i 1954 i Falun tok norske idrettsmenn dei fem fyrste plassane i kombinert; Sverre Stenersen vart verdsmeister framom Gunder Gundersen, med Mårdalen på bronseplass. Under den Svenska skidspelen for 1955 i Nässjö gjekk Mårdalen heilt til topps, nær fire poeng framom Eero Kemppainen frå Finland og nesten ti føre sin eigen landsmann, Arne Barhaugen. Mårdalen deltok for Noreg også i 1956 i Cortina d'Ampezzo og vart nummer 14 i det olympiske kombinert-rennet.

Han la opp i 1956.

Medaljar og esteplasseringar i internasjonale meisterskap og renn[endre | endre wikiteksten]

  • 1949: Nr 4 i Holmenkollen
  • 1950: Nr 6 i VM i Lake Placid. Nr 3 i Holmenkollen
  • 1951: Nr 3 i Holmenkollen og i Lahti
  • 1953: Nr 3 i Svenska skidspelen i Falun
  • 1954: Bronsemedalje under ski-VM i Falun
  • 1955: Vinnar i Svenska skidspelen i Nässjö
  • 1956: Nr 5 i Holmenkollen

Medaljar og besteplasseringar i noregsmeisterskap[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Sportsboken, aktuelle årgangar

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]