Kjetteri

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Kjetteri er i teologisk meining ei læresetning eller ei samling av slike som er stempla som falske av ein kyrkjeleg autoritet.

Ordsoge[endre | endre wikiteksten]

Ordet kjetter kjem gjennom mellomnedertysk ketter frå gresk katharos, som tyder «dei reine», og var eit namn på katarane, ei manikeisk sekt som var mykje utbreidd i Vest-Europa1000- og 1100-talet, og som vart skulda for vrang lære og forfølgd av kyrkja.

Kjetteri i kyrkjesoga[endre | endre wikiteksten]

I kyrkjesoga skil ein gjerne mellom kjetteri før mellomalderen og i mellomalderen. I dei første hundreåra var den kristne trua enno ikkje utforma som einsarta teologi, og kyrkja hadde heller ikkje erobra stillinga si som institusjonelt uttrykk for den guddomlege openberringa. Derfor blei dei første kjettarane ofte først dømde som slike av ettertida, etter at læra deira ikkje hadde lykkast med å bli «den rette læra».

Først da ortodoksien var fastlagd, og romarkyrkja sin autoritet etablert, blei usemje per definisjon kjetteri. Forfølginga av kjettarar tar til i seinmellomalderen, da kyrkja som forvaltar av trua hadde tolkingsmonopol på dei heilage skriftene.

Ein kjettar er da ut frå den katolske kyrkja sin definisjon ein døypt person som gjenstridig nektar for og tvilar på ei kyrkjeleg sanning. Frå 1200-talet blei kjetteri så utbreidd at det blei oppretta ein permanent institusjon – inkvisisjonen – for å kjempe mot det. Sidan oppstod den spanske inkvisisjonen attåt den generelle, og denne hadde til formål på vegner av pavemakta å fjerne kjettarar, jødar og muslimar frå Spania.

Kjetteriet har skifta frå periode til periode og frå gruppe til gruppe opp gjennom soga. Martin Luther -som sjølv var kjettar ei tid – erklærte i 1521 at kjetteri ikkje burde føre til fysisk straff i det heile. Ti år seinare foreslo han dødsstraff for blasfemi og statsundergravande kjetteri. Sjølv om kampen mot kjettarar har vore meir framme i katolisismen enn i protestantismen, har kyrkja i begge tradisjonar alltid vore på vakt mot avvikande meiningar.

Mange er gjennom tida blitt skulda og straffa for kjetteri. I seinmellomalderen blei til dømes Jeanne d'Arc dømd og brend (1431). I 1920 blei ho derimot gjort til helgen. Også i renessansen var det folk som blei brende for kjetteri, såleis astronomen Giordano Bruno (1548-1600).

Kjelder:[endre | endre wikiteksten]

  • Dansk wikipedia, art. Kætteri.
  • Leksikon for det 21. århundrede (www.leksikon.org), art. Kætteri.
  • Falk og Torp 1903: Etymologisk ordbog over det norske og det danske sprog Faksimileutg. Bjørn Ringstrøms antikvariat 1992 ISBN 82-90520-16-6