Kládeos

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Kládeos (gresk Κλάδεος, latinsk Cladeus) er namnet på ei elv som renn gjennom Olympia i Hellas og som munnar ut i elva Alfiós. Ho er kalla opp elveguden Kladeos i gresk mytologi, ein av sønene til Okeanos og Tethys.

I den mykenske perioden brukte elva å oversvømme området, noko ho heldt fram med gjennom mellomalderen og fram til dei tyske utgravingane av Olympia i 1875. I dag er Olympia verna mot flaum.

Kládeos er òg ein busetnad i periferieininga Ilía.

Kjelde[endre | endre wikiteksten]