Klågerup

Koordinatar: 55°35′35.128″N 13°14′37.230″E / 55.59309111°N 13.24367500°E / 55.59309111; 13.24367500
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

55°35′35.128″N 13°14′37.230″E / 55.59309111°N 13.24367500°E / 55.59309111; 13.24367500

Klågerups slott

Klågerup er ein tettstad i Svedala kommun i Skåne län i Sverige, mellom Staffanstorp og Svedala. I 2005 hadde tettstaden 1 883 innbyggjarar.

I Klågerup er det skule, barnehage, bibliotek, daglegvarehandel, pizzarestaurant, idrettshallar og idrettsplassar. I austlege delen Klågerup ligg det eit lite industriområde. Den lokale fotballklubben heiter Klågerups GIF.

Klågerup har bussamband med Malmö, Lund og Trelleborg.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Klågerups slott var på byrjinga av 1400-talet eigd av Peter Spoldener og sonen Hans, og litt seinare av Olof Truedsson og Knut Truedsson Hass. Via sistnemnde si dotter blei garden gjennom giftarmål ført til Sparreætta, der han blei verande til byrjinga av 1600-talet. Deretter høyrte han til slektene Grubbe og Juel, og kom gjennom gifte i 1725 til slekta Trolle.

I 1811 skjedde Klågerupopprøret, eit lokalt opprør i Klågerup. Det blei slått ned av kavalerisoldatar frå Malmö i løpet av eit par dagar. 30 personar døydde i opptøyane, og 300 blei sette i fengsel i Malmö.

På byrjinga av 1900-talet blei godset kjøpt av Svenska Sockerfabriks AB. Sidan 1964 har Klågerups herregard vore eigd av familien Silfverschiöld.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]