Klæbu seminar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Klæbu seminar var eit lærarseminar i Klæbu i Trøndelag, grunnlagt i 1839.

Soknepresten i Klæbu, Hans Jørgen Darre, var styrar for skolen. Skolen uteksaminerte i sine aktive år 1 151 lærarar, såkalla seminaristar. To av desse var Ole Vig frå Stjørdal og Engebret Hougen frå Sel.

I 1892 flytta seminaret til Levanger, der det vart ført vidare som Levanger lærerskole.

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Anders Forfang. Klæbu seminar : et lidet mindeskrift : med tillæg om Levanger lærerskole. Trondheim, 1902
  • Karl Ræder og Ånund Vatne. Frå Levanger lærarskole til 125-års minnet for Klæbu seminar. Levanger, 1966
  • Levanger lærarskole, Klæbu seminar 150 år. Redigert av Tov Solheim. Levanger, 1989. ISBN 82-991499-1-6
  • Birger Sivertsen. Klæbu seminar : et intellektuelt arnested på bygda 1839-1892. Tapir forlag, 2001. ISBN 82-519-1693-3