Klaffebru

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Illustrasjon av ei klaffebru

Klaffebru er ein type bevegeleg bru med ei motvekt eller kontravekt som kontinuerleg balanserer spennet som kan løftast opp i loddrett eller nesten loddrett posisjon.

Klaffebruer kan opnast eller lukkast for gjennomgåande skipstrafikk. Fordelen ved denne type bruer er at skip og båtar kan passere under brua utan at ein treng tenke på seilingshøgda under brua. Moderne klaffebruer er som oftast mekanisert med elektrisk styring.

Denne type bruer har vore i bruk sidan eldgamle tider. Men det var ikkje før i 1850 at ein konstruerte dei slik at det var mogleg å opne relativt lange og tunge spenn på ein hurtig og effektiv måte.

Nikolajevskijbroen i Sankt Petersburg var den første store klaffebrua. Den vart opna i 1850.

Skansenbrua, som er ei jernbanebru langs Dovrebanen, vart bygd som klaffebru. Denne type klaffebru har en kontravekt opphengt i eit stangparalellogram og motorar og tannhjul for å løfte og senke klaffen på brua. Brua er konstruert av Joseph B. Strauss, som òg var ansvarleg for den verdskjente brua Golden Gate Bridge i San Francisco. Brua blei tatt i bruk for jernbanetrafikk 22. mars i 1918 og er den første av sin type i Noreg.

Nokre klaffebruer[endre | endre wikiteksten]