Klaksvík

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Utsyn frå hamna mot øya Kunoy

Klaksvík er den nest største byen på Færøyane etter Torshavn. Namnet vert på færøysk språk uttala ['klaksvuik]. Ein gamal skrivemåte er Klakksvík. Det danske namnet er Klaksvig. Klaksvík er fiskerihovudstaden, og er rekna som hovudbyen på dei færøyske nordøyane. Klaksvík kommune (Klaksvíkar kommuna) vart frå 1. januar 2005 slegen saman med tidlegare Mikladalur kommuna. Kommunen hadde pr. 2005 noko under 5000 innbyggjarar. Dei aller fleste av desse bur i byen Klaksvik.

Klaksvík ligg på øya Borðoy, som er den største av dei færøyske nordøyane. Byen ligg i ein dal ved enden av ein liten fjord. Kring byen er fjella Myrkjanoyrarfjall (689 m), Háafjall (647 m), Hálgafelli (503 m) og Klakkur (414 m). Byen er oppkalla etter fjellet Klakkur. Klakkur tyder overståande eller overhengjande fjell.

Eit skipsverft i Klaksvík

Klaksvík kjem ein til frå hovudstaden Tórshavn ved å køyra over øyane Streymoy og Eysturoy. I hamna Leirvík stig ein på ei bilferje. Ferja går fleire gonger for dagen til Klaksvik. I 2006 skal det stå ferdig ein tunnel mellom Leirvík og Klaksvík.

Ved sidan av fiskeindustri finst det eit bryggeri, Föroya Bjór. Det andre bryggeriet på Færøyane, Restorffs Bryggjarí, finn ein i Tórshavn.

Ein ting verd å sjå er Christianskirkja bygd i 1963. I kyrkja finst det ein 4000 år gamal heilag stein. Opphavleg skal steinen ha vore ei offerskål i eit tempel i Danmark.

Om ein reiser vidare mot nordaust, kjem ein til øya Viðoy. Heilt nord kjem ein til Viðareiði, med Kap Enniberg. Då er ein så langt nord ein kan koma på Færøyane.

Personar med tilknytting til Klaksvík[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Klaksvík