Klarinettkvintett av Mozart

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Klarinettkvintett
K. 581
Klarinettkvintett av Wolfgang Amadeus Mozart
Sjanger Kammermusikk
Periode Wienerklassisismen
Komponert September 1789
Typisk lengd 32:29
Satsar 4

Kvintett for klarinett og strykarar, K. 581, vart skriven av Wolfgang Amadeus Mozart i 1789 for klarinettisten Anton Stadler. Ein klarinettkvintett er eit verk for ein klarinett og ein strykekvartett (to fiolinar, ein bratsj og ein cello). Sjølv om han opphavleg vart skriven for bassettklarinett, vert det neste alltid spelt på ein klarinett i A eller B. Det var den einaste klarinettkvintetten Mozart gjorde ferdig og eit av dei tidlegaste og mest kjende verka for instrumentet. Det er usedvanleg populært i dag på grunn av den lyriske melodien med den andre satsen som mest kjend.

Eit fragment av partituret finst for ein andre (kanskje den første) klarinettkvintett i B.

Komponisten indikerte at verket var ferdig den 29. september 1789. Kvintetten vert stundom kalla Stadlerkvintetten, sidan Mozart kalla han dette i eit brev frå april 1790.

Struktur[endre | endre wikiteksten]

Verket består av fire satsar:

  1. Allegro, 4/4
  2. Larghetto, 3/4 i D-dur
  3. MenuettoTrio I — Trio II, 3/4 (Trio I i a-moll)
  4. Allegretto con Variezioni, 2/2

Det er fleire likskapar mellom denne kvintetten og Klarinettkonserten. Begge er i A-dur og vart skriven for same solist, Anton Stadler. Mozart skreiv òg ein trio for klarinett, bratsj og piano for Stadler, den såkalla Kegelstatt-trioen, i 1786.

I lag med Klarinettkonserten, vert Klarinettkvintetten til Mozart rekna som favorittmusikken til pave Benedikt XVI.[1]

Kvintetten vart nytta i «Goodbye, Farewell and Amen», den aller siste episoden av fjernssynsserien M*A*S*H.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Pope Benedict XVI, Mozart and the Quest of Beauty, Catholic Education Research Center. Retrieved oktober 19 2010.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]