Klarius Mikkelsen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Klarius Mikkelsen var ein norsk kvalfangstkaptein som deltok på Thorshavn-ekspedisjonane til Antarktis i 1930-åra. Mikkelsen var kaptein på skipet «Torshavn» og segla mellom rundt heile kontinentet.

20. februar 1936 gjekk Mikkelsen med «Torshavn», i land i Ingrid Christensen Land som i dag ligg i Australsk Antarktis. Kona hans Caroline var med, og vart dermed den første kvinna som gjekk i land i Antarktika.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Tidslinje. Norsk Polarhistorie. Vitja 26. oktober 2012.