Klarluftturbulens

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Klarluftturbulens er uregelmessige luftrørsler i form av turbulens utan at ein har synlege spor (som skyer) av turbulensen. Klarluftturbulens oppstår når to luftmassar med forskjellig fart møter kvarandre, vanlegvis i ei høgd på 7000-12000 m og ofte i nærleiken av jetstraumar og av og til nær fjellkjeder. Klarluftturbulens er umogeleg å oppdage med det blotte auget eller med radar, og er derfor vanskeleg å unngå. Det finst derimot enkelte apparat, kalla scintillometer, som kan oppdage turbulensen på avstand ved å bruke optiske teknikkar.

På engelske heiter fenomenet «Clear-Air Turbulence», og er forkorta til «CAT», som òg er mykje brukt i Noreg.

Denne typen turbulens kan vere til fare for flytrafikk. Ei rask endring i fartsretninga til vinden kan få oppdrifta over flyvingene til å variere raskt og uføreseieleg. Dette har blant anna ført til at både kabinpersonal og passasjerar har vorte skada (og i enkelte tilfelle mista livet) etter å ha blitt kasta rundt inne i flyet.