Klarspråk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Klarspråk er namnet på ein måte å skrive på som har som mål at lesarane av ein tekst enkelt skal kunne forstå innhaldet i han.

I mange land, særleg vesteuropeiske og engelskspråklege land, driv sentraladministrasjonen målmedvite arbeid for å skrive tekstane sine slik at lesarane skal kunne forstå dei. Andre nordiske land, som Sverige og Finland, har drive aktivt med klarspråksarbeid lenge. Også EU arbeider systematisk med å forbetre og forenkle språket mellom anna i rettsakter. Andre land som driv med klarspråksarbeid, er Australia, Belgia, Canada, Frankrike, Italia, New Zealand, Spania, Storbritannia, Sør-Afrika, Tyskland og USA. Det finst òg eit eige klarspråksnettverk plainlanguagenetwork.org.

I Noreg var prosjektet «Klart språk i staten» eit samarbeid mellom Direktoratet for forvaltning og IKT (Difi) og Språkrådet. Språkrådet hadde det språkfaglege ansvaret, medan Difi hadde ansvar for administrasjon, kommunikasjon og leiing. Fornyings- og administrasjonsdepartementet (FAD) var prosjektansvarleg. Prosjektet varte i perioden 2009 - 2011. Etter dette overtok Språkrådet ansvaret for å vidareføre dei fleste av tiltaka.

Tiltaka i prosjektet var praktiske råd og verktøy for å forbetre språket, tilbod om fagleg rådgjeving og økonomisk støtte, fakta og erfaringsutveksling om språkforbetringsarbeid, deling av informasjon og årleg utdeling av Klarspråksprisen for klart språk i staten.


Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]