Klassisk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Klassisk er eit adjektiv som har fått fleire ulike meiningar.

Ordet skriv seg frå dei europeiske humanistanes nemning for den greske og latinske litteraturen i antikken, men har sitt opphav i den latinske nemninga for dei som høyrar til i den fyrste (øvste) klassa i samfunnet («borgerklassa»). I brei meining står ordet klassisk for den gresk-romerske kulturen og kunsten fram til Romarrikets oppløysing, medan det i ei trongare meining står for den den greske kunsten i ein periode mellom omlag 480 og 323 f.Kr. (fvt.). Men ordet klassisk vert òg nytta på mange andre måtar i mange land i ein rad samanhangar innanfor kunst, kultur og vitskap, til dømes som ei periodenemning, eit kvalitetsomgrep, eller som ei nemning for ein særeigen art eller grein av kunst- og kulturuttrykk, eller vitskap.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

For bruken av ordet klassisk, sjå til dømes: