Klassisk feltteori

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Klassisk feltteori er ein fysisk teori som skildrar korleis eit eller fleire fysiske felt vekselverkar med stoff. Ordet klassisk vert nytta for å skilje teorien frå kvantefeltteori nytta i kvantemekanikk.

Eit fysisk felt kan ein tenkje seg som eit felt der ein har ein fysiske storleik i kvart punkt i rom og tid. I vêrvarsling er til dømes vindstyrken ein dag over eit område skildra ved å gje ein vektor til kvart punkt i rommet. Kvar vektor representerer retninga lufta går i det punktet. Utover dagen vil retningane til vektorane endra seg ettersom vinden endrar retning. Frå eit matematisk synspunkt er klassiske felt skildra av delar av fiberbuntar (kovariant klassisk feltteori). Omgrepet 'klassisk feltteori' vert ofte nytta om fysiske teoriar som skildrar elektromagnetisme og gravitasjon, to av fundamentalkreftene i naturne.

Det vart skildra fysiske felt før relativitetsteorien, då feltteorien måtte endrast. Klassisk feltteori vert derfor vanlegvis kategorisert som anten ikkje-relativistisk eller relativistisk.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]