Klassisk indisk musikk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Døme på hindustanimusikk: Spel på bambusfløyta bansuri.
Døme på karnatisk musikk: Spel på bambusfløyta venu i ragaen mayamalavagowla.

Klassisk indisk musikk viser til sørasiatiske musikktradisjonar som byggjer på ragaer og musikkreglane skildra i verk frå oldtida og mellomalderen. Dei to klassiske hovudtradisjonane er karnatisk musikk frå Sør-India og hindustanimusikk frå Nord-India, Pakistan, Bangladesh og til ein viss grad Nepal og Afghanistan.

Av klassiske musikkverk kan nemnast Natyasjastra frå ein gong mellom 200-talet f.Kr og 200-talet e.Kr., som la grunnlaget for indisk musikk, dans og drama, Brihaddeśi frå omlag 700-talet, det eldste verket som definerer ragaer.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • «Classical Music», The Oxford Encyclopaedia of the Music of India oxfordreference.com
  • «Brihaddeśi», The Oxford Encyclopaedia of the Music of India, oxfordreference.com
Spire Denne musikkartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.