Klassisk musikk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Vestleg klassisk musikk følgjer den gamle europeiske kunstmusikktradisjonen.

Klassisk musikk har i daglegtale tydinga europeisk kunstmusikk, det vil seie musikk nedskriven på notar, og gjerne frå 1700- og 1800-talet, som ein motsetnad til moderne popmusikk. Ordet kan likevel ha mange ulike tydingar, som glir litt over i kvarandre:


  1. «Klassisk» viste opphavleg til den antikke kulturen i Hellas og Roma. Klassisk musikk kan difor tyde musikk påverka av idear frå antikken, gjerne eit beherska, enkelt og harmonisk uttrykk. Desse ideane var viktige under renessansen og i wienerklassisismen.
  2. Klassisk musikk kan vere einstydande med wienerklassisk musikk (musikk frå andre halvdel av 1700-talet).
  3. Den «klassiske» perioden har vorte utvida til å tyde heile den europeiske kunstmusikken, som utgjer ein tradisjon meir eller mindre utan avbrot frå barokken eller endå tidlegare, og fram til byrjinga av 1900-talet. Ein kan og seie at denne tradisjonen har halde fram til i dag med moderne kunstmusikk.
  4. Klassisk musikk kan og tyde all tradisjonell kunstmusikk. Då kan ein ta med den tradisjonelle kunstmusikken i til dømes India eller Japan.
  5. «Klassisk» musikk kan tyde musikk som er tenkt som seriøs kunstmusikk, som mykje av jazzmusikken, og mykje av den moderne musikken som ikkje er tenkt som kommersiell popmusikk.
  6. «Klassisk» kan tyde noko med ein særleg kvalitet, noko som som har varig verdi. Då kan all musikk som overlever si tid, kallast klassisk, som til dømes musikken til The Beatles.
  7. «Klassisk» kan tyde noko som er typisk. Slik kan ein seie at klassisk musikk kan tyde eit stykke musikk som er typisk for den stilen han representerer. Då har alle stilartar og periodar sin «klassiske» musikk.