Klatremaurvarslar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Klatremaurvarslar

Status i verda: LC Livskraftig

Bilete frå EcuadorFoto: Michael Woodruff
Bilete frå Ecuador
Foto: Michael Woodruff

Systematikk
Rike: Animalia
Rekkje: Chordata
Klasse: Aves
Orden: Passeriformes
Familie: Thamnophilidae
Slekt: Thamnistes
Art: T. anabatinus
Vitskapleg namn
Thamnistes anabatinus
Sclater & Salvin, 1860

Klatremaurvarslar, Thamnistes anabatinus, er ein liten maurvarslar i den biologiske familien Thamnophilidae. Han er monotypisk i slekta Thamnistes. Arten er utbreidd frå Belize og Mexico i nord, sørover gjennom Mellom-Amerika. I Sør-Amerika langs vestsida av Andes ned til sørlege Ecuador. Han lever òg i eit belte langs austsida av Andes ned gjennom Peru til Bolivia i sør.

Klatremaurvarslar er ein liten maurfugl, om lag 15 cm lang og veg 21 gram. Han har eit stort, kraftig nebb med krok i enden. Krone, overside, venger og hale er raudbrune. Dei har ei mørk augestripe, over det ei lys, brungul stripe, supercilium. Undersida er oliven til brungul. Kjønna er like, men hannen har ein skjult raudbrun-oransje flekk i midt på ryggen. Ungfuglar er lik dei vaksne, men har raudbrune frynsar på vengedekkarane og er bleikare på undersida. ropet er eit pipande swik, og songen varierer, som tjip eller tjiv tjiv tjiv tjiv tjiv i Costa Rica, piu piu piu piu piu i Venezuela . [1]

Dette er ein fugl som lever i skog, gammal sekundærvekst, halvopen skog og skogskantar opp til 1500 moh. Hoa legg to kvite, brunflekka egg i eit djupt koppforma reir 7-15 meter over bakken i eit tre, vanlegvis på ein halvopen stad. Begge kjønn tar del i reirbygging, ruging, og omsut for ungane.

Klatremaurvarslar et insekt og andre leddyr, som dei plukkar frå lauvverk som ein vireo. Det kan sjåast åleine, i par, eller saman med tanagarar og parulaer i fleirartsflokkar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Hilty, 2002

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Klatremaurvarslar