Klaudios Ptolemaios

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Klaudios Ptolemaios

FøddΚλαύδιος Πτολεμαῖος
ca. 90 evt.
Ptolemais Hermiou
Dødca. 168 (alder 77–78)
Aleksandria i Egypt i Romarriket
NasjonalitetRomarriket
Områdeastronomi, astrologi, matematikk, mekanikk, optikk, geografi, musikkteoretikar, Musikkteori
Yrkematematikar, geografar, astronom, astrolog
InstitusjonarBiblioteket i Alexandria

Klaudios Ptolemaios (gresk Κλαύδιος Πτολεμαίος, latin Claudius Ptolemaeus; ca. 90-168) var ein gresk astronom, geograf og matematikar frå Alexandria. Han blir rekna som opphavsmannen til det geosentriske verdsbiletet, som var det rådande i Europa fram til 1600-talet.

I sitt store verk Almagest set han fram ein teori om at nattehimmelen utgjer ei perfekt halvkule med jorda i sentrum. Stjernene er festa til ulike sfærar som roterer omkring jorda. Planetane rører seg i sirkelforma baner omkring eit sentrum som i sin tur teiknar ein perfekt sirkel rundt jorda. Han utvikla kompliserte matematiske formlar for å forklare dei observerte planetrørslene sine avvik frå teorien. I følgje Ptolemaios var jorda i ro. Om ho ikkje var det, ville skyar og fuglar forsvinne.

Ptolemaios gjorde nye utrekningar av avstanden frå jorda til sola og månen. Almagest inneheld og ein stjernekatalog. Mange av dei kjente stjernebileta, som Orion og Løva, har fått namna sine av Ptolemaios.

Han skreiv eit omfattande verk om geografi - Geografike hyfegesis. Her innfører han meir presise kartprojeksjonar, men karta hans lir av at han opererte med feil mål på jorddiameteren.

Tetrabiblos er eit stort verk om astrologi, og han skreiv og om optikk og musikk. Hans Harmonika er ei av dei viktigaste kjeldene til antikkens musikkteori. Kanon basileion er ein kronologi frå Nabonassar til Antoninus Pius.

Verk[endre | endre wikiteksten]

Quadripartitum, 1622
  • Megale syntaxis (ΗμεγάληΣύνταξις, 'Den store avhandlinga'), arabisk Almagest - ca. 140
  • Geografike hyfegesis
  • Optik
  • Analemma
  • Harmonika
  • Planisphaerium
  • Tetrabiblos
  • Kanon basileion
  • Kanon neger

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Klaudios Ptolemaios