Klaus Fuchs

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Klaus Fuchs
Klaus Fuchs ID badge.png
Bilete frå ID-kortet til Fuchs ved Los Alamos
Fødd 29. desember 1911
Død 28. januar 1988 (76 år)
Dresden i Aust-Tyskland
Bustad Tyskland
Storbritannia
USA
Aust-Tyskland
Nasjonalitet Tysk
Britisk
Institusjonar Los Alamos National Laboratory
Harwell Atomic Energy Research Establishment
Institute for Nuclear Research
(Rossendorf)

Klaus Emil Julius Fuchs (29. desember 191128. januar 1988) var ein tysk-fødd britisk fysikar og atom-spion som i 1950 vart dømt for å levere informasjon frå den britiske og amerikanske atombombeforskinga til Sovjetunionen under og like etter andre verdskrigen. Fuchs var ein ekstremt kompetent forskar. Ved Los Alamos National Laboratory var Fuchs ansvarleg for mange viktige teoretiske utrekningar knytt til det første fisjonsvåpenet, og seinare òg for dei tidlege modellane av hydrogenbomba, det første fusjonsvåpenet.

Biografi[endre | endre wikiteksten]

Fuchs gjekk både på universitetet i Leipzig og universitetet i Kiel, og medan han gjekk i Kiel vart han aktiv innan politikken. Som ung vart Fuchs medlem av det sosialdemokratiske partiet i Tyskland, og i 1932, kommunistpartiet i Tyskland. I 1933, etter eit valdsamt møte med dei nyleg innsette nazistane, flykta han til Frankrike og fekk då høvet til å bruke familiære samband til å flykte til Bristol i England. Han tok doktorgraden sin i fysikk ved University of Bristol i 1937, studerte under Nevill Mott, og tok ein DSc ved University of Edinburgh medan han studerte under Max Born. Oppgåva hans om kvantemekanikk, publisert i Proceedings of the Royal Society i 1936, bidrog til at han fekk ei pedagogisk stilling ved universitetet i Edinburgh året etter. I 1940 vart han internert, men vart snart frigjeve.

I 1946 vart han leiar for den teoretiske avdelinga ved Harwell Atomic Establishment i England, ei stilling han hadde til han i 1950 vart arrestert, skulda for å ha overlate hemmelege opplysningar om kjernefysisk forsking til Sovjetunionen. Han vart dømt til 14 års fengsel, men vart 1959 frigjeve og gjeve løyve til å reise ut av England. Han reiste då til Aust-Tyskland, der han vart avdelingsleiar ved Sentralinstituttet for kjernefysikk i Dresden og frå 1963 professor i teoretisk fysikk ved den tekniske høgskulen der.

Klaus Fuchs er gravlagt på Zentralfriedhof Friedrichsfelde (Pergolenweg) i Berlin.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Klaus Fuchs