Klavierbüchlein für Wilhelm Friedemann Bach

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Dett er forklaringa av nøklane som starar med Wilhelm Friedemann Klavierbüchlein, skriven av J. S. Bach sjølv.

Klavierbüchlein für Wilhelm Friedemann Bach (Bach sin opphavlege tittel: Clavier-Büchlein vor Wilhelm Friedemann Bach) er ei samling klavermusikk samla av den tyske barokkomponisten Johann Sebastian Bach for den eldste sonen sin, Wilhelm Friedemann. Ho vert ofte berre kalla Klavierbüchlein für Wilhelm Friedemann.

Johann Sebastian starta å setje saman samlinga i 1720. Dei fleste stykka her er meir kjende som delar av Das Wohltemperierte Klavier og Inventionen und Sinfonien. Kven som har skriven dei fleste av dei andre verka er omdiskutert, særleg dei kjende Små preludia BWV 924–932, som stundom vert tilskriven Wilhelm Friedemann Bach.

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Ein guide til ornament, skriven av Bach sjølv i Klavierbüchlein für Wilhelm Friedemann Bach.
Nærbilete av den første takten i Applicatio i C-dur, BWV 994. Ein kan tydelege sjå fingermerka til Bach.

Boka startar med ein innleiing som inneheld ei forklaring nøklar og ein guide til å spele ornament. Stykka i samlinga er arrangert etter kor vanskelege dei er, og dei enklaste kjem først. Av desse er Applicatio i C-dur BWV 994 og Preludium i g-moll BWV 930 særleg merkverdige, fordi dei er dei einast overlevande manuskripta der ein har fingermerket til Bach.[1]).

Her er ei komplett liste over stykka, i same rekkefølgje som i manuskriptet:

  • BWV 994, Applicatio i C-dur.
  • BWV 924, Preludium i C-dur.
  • BWV 691, Wer nur den lieben Gott lässt walten (4), koralpreludium for orgel.
  • BWV 926, Preludium i d-moll.
  • BWV 753, Jesu, meine Freude (2), koralpreludium for orgel (uferdig).
  • BWV 836, Allemande i g-moll (1). Kanskje komponert av Wilhelm Friedemann Bach.
  • BWV 837, Allemande i g-moll (2). Kanskje komponert av Wilhelm Friedemann Bach.
  • BWV 927, Preludium i F-dur.
  • BWV 930, Preludium i g-moll.
  • BWV 928, Preludium i F-dur.
  • BWV 841, Menuett i G-dur. Truleg ikkje av Johann Sebastian Bach. Stykket finst òg i Anna Magdalena Bachs notebok.
  • BWV 842, Menuett i g-moll.
  • BWV 843, Menuett i G-dur.
  • BWV 846a, Preludium 1 i C-dur. Alternativ utgåve av Preludium frå Preludium og Fuge i C-dur frå den første boka i Das Wohltemperierte Klavier.
  • BWV 847/1, Preludium 2 i c-moll (Preludium i c-moll frå den første boka i Das Wohltemperierte Klavier)
  • BWV 851/1, Preludium 3 i d-moll (Preludium i dmoll frå den første boka i Das Wohltemperierte Klavier)
  • BWV 850/1, Preludium 4 i D-dur (Preludium i d-dur frå den første boka i Das Wohltemperierte Klavier, uferdig)
  • BWV 855a, Preludium 5 i e-moll. Alternativ utgåve av Preludium frå Preludium og Fuge i e-moll frå den første boka i Das Wohltemperierte Klavier. Denne vart seinare arrangert for pianoforte av Alexander Siloti og transponert til Preludium i h-moll.
  • BWV 854/1, Preludium 6 i E-dur (Preludium i E-dur frå den første boka i Das Wohltemperierte Klavier)
  • BWV 856/1, Preludium 7 i F-dur (Preludium i F-dur frå den første boka i Das Wohltemperierte Klavier)
  • BWV 848/1, Preludium [8] i Ciss-dur (Preludium i Ciss-dur frå den første boka i Das Wohltemperierte Klavier)
  • BWV 849/1, Preludium [9] i ciss-moll (Preludium i ciss-moll frå den første boka i Das Wohltemperierte Klavier)
  • BWV 853/1, Preludium [10] i ess-moll (Preludium i ess-moll frå den første boka i Das Wohltemperierte Klavier)
  • BWV 857/1, Preludium [11] i f-moll (Preludium i f-moll frå den første boka i Das Wohltemperierte Klavier)
  • Piéce pour le Clavecin, cembalosuite av J. C. Richter. Uferdig, berre to delar: Allemande og courante.
  • BWV 924a, Preludium i C-dur (alternativ utgåve av BWV 924).
  • BWV 925, Preludium i D-dur.
  • BWV 932, Preludium i e-moll.
  • BWV 931, Preludium i a-moll.
  • Baß-Skizze i g-moll. Ikkje inkludert i BWV-katalogen.
  • BWV 953, Fuga a 3 i C-dur.
  • BWV 772, Praeambulum 1 i C-dur (Invensjon No. 1)
  • BWV 775, Praeambulum 2 i d-moll (Invensjon No. 4)
  • BWV 778, Praeambulum 3 i e-moll (Invensjon No. 7)
  • BWV 779, Praeambulum 4 i F-dur (Invensjon No. 8)
  • BWV 781, Praeambulum 5 i G-dur (Invensjon No. 10)
  • BWV 784, Praeambulum 6 i a-moll (Invensjon No. 13)
  • BWV 786, Praeambulum 7 i h-moll (Invensjon No. 15)
  • BWV 785, Praeambulum 8 i B-dur (Invensjon No. 14)
  • BWV 783, Praeambulum 9 i A-dur (Invensjon No. 12)
  • BWV 782, Praeambulum 10 i g-moll (Invensjon No. 11)
  • BWV 780, Praeambulum 11 i f-moll (Invensjon No. 9)
  • BWV 777, Praeambulum 12 i E-dur (Invensjon No. 6)
  • BWV 776, Praeambulum 13 i Ess-dur (Invensjon No. 5)
  • BWV 774, Praeambulum 14 i D-dur (Invensjon No. 3)
  • BWV 773, Praeambulum 15 i c-moll (Invensjon No. 2)
  • BWV 824, Suite i A-dur av Georg Philipp Telemann. Tre delar: Allemande, Courante og Gigue.
  • Partia di Signore Steltzeln, cembalosuite av Gottfried Heinrich Stölzel. Fire delar: Ouverture, Air Italiensk, Bourrée, Menuett.
  • BWV 787, Fantasi 1 i C-dur (Sinfonia No. 1)
  • BWV 790, Fantasi 2 i d-moll (Sinfonia No. 4)
  • BWV 793, Fantasi 3 i e-moll (Sinfonia No. 7)
  • BWV 794, Fantasi 4 i F-dur (Sinfonia No. 8)
  • BWV 796, Fantasi 5 i G-dur (Sinfonia No. 10)
  • BWV 799, Fantasi 6 i a-moll (Sinfonia No. 13)
  • BWV 801, Fantasi 7 i h-moll (Sinfonia No. 15)
  • BWV 800, Fantasi 8 i B-dur (Sinfonia No. 14)
  • BWV 798, Fantasi 9 i A-dur (Sinfonia No. 12)
  • BWV 797, Fantasi 10 i g-moll (Sinfonia No. 11)
  • BWV 795, Fantasi 11 i f-moll (Sinfonia No. 9)
  • BWV 792, Fantasi 12 i E-dur (Sinfonia No. 7)
  • BWV 791, Fantasi 13 i Ess-dur (Sinfonia No. 5)
  • BWV 789, Fantasi 14 i D-dur (Sinfonia No. 3)
  • BWV 788, Fantasi 15 i c-moll (Sinfonia No. 2)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Faulkner, 13.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]