Kleine Emme
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
| Kleine Emme | |
| elv | |
|
Dalen Waldemmen som Kleine Emme renn gjennom
|
|
| Land | |
|---|---|
| Kanton | Luzern |
| Kjelde | ved Brienzer Rothorn |
| - koordinatar | |
| Munning | Reuss |
| Lengd | 58 km |
| Nedslagsfelt | 477 km² |
| Wikimedia Commons: Kleine Emme | |
Kleine Emme er ei elv i kantonen Luzern i Sveits og ei av sideelvane til Reuss frå venstre. Ho er 58 km lang og har eit nedslagsfelt på 477 km². Elva må ikkje forvekslast med Emme i kantonen Bern.
Kleine Emme spring ut som Waldemme sørvest i kantonen Obwalden, ved Brienzer Rothorn-massivet ved Emmensprung, og renn nordvestover langs Mariental, forbi Sörenberg. Ho svingar nordover når ho går inn i Entlebuch-regionen, der ho møter Weissemme nær Schüpfheim og Entlen ved Entlebuch. Etter å ha teke i mot Fontannen svingar ho austover ved Wolhusen der ho møter Wigger og seinare Rümlig. Frå her renn ho parallelt med fjellet Pilatus, forbi Malters, og munnar ut i Reuss ved Emmen, to kilometer nedanfor Vierwaldstättersee.
Kjelder [endre]
- Denne artikkelen bygger på «Kleine Emme» frå Wikipedia på engelsk, den 7. mars 2012.