Kleopatra

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Kleopatra VII Filopator (gresk Κλεοπάτρα θεά φιλοπάτωρ, fødd 69 f.Kr., død 30 f.Kr.) var farao av Egypt frå 51 f.Kr. til 30 f.Kr.. Ho var den siste medlemen i det makedonske ptolemeiske dynastiet og dermed den siste greske herskaren av Egypt. Far hennar var Ptolemaios XII Auletes og mora var truleg Auletes si søster, Kleopatra V Tryfaena. Kleopatra er gresk og betyr «til fars ære», hennar fulle namn «Kleopatra Thea Filopator» betyr «gudinna Kleopatra, elska av far sin».

I dag er ho truleg den mest namngjetne av alle herskarane i det antikke Egypt og er vanlegvis berre kjend som Kleopatra, alle av forgjengarane hennar med same namnet er stort sett gløymde. Kleopatra var aldri eineherskar i Egypt, ho delte makta med far, bror, bror/mann og son sin. Men i alle desse tilfella var medherskarane hennar kongar berre i tittelen, mens ho hadde den reelle makta.

Biografi[endre | endre wikiteksten]

Kleopatra VII var gresk og fødd i Alexandria i Egypt. Ho tok trona aleine da far hennar, Ptolemaios XII, døydde våren 51 f.Kr.. Ho var da det eldste barnet til Auletes, sidan dei to eldre søstrene hennar var døde. Ho hadde også ei yngre søster som heitte Arsinoe. Kleopatra var for ei kort tid medherskar med far sin, og var etterfølgjande medherskar med dei to brørne sine, Ptolemaios XIII og Ptolemaios XIV. Da den ptolemeiske trona vart arva gjennom kvinnene, måtte kongane gifte seg med søstrene sine for å vere kvalifiserte for å herske (med innavl som følgje). Etter at brørne hennar var døde, utnemnde ho den eldste son sin til medherskar som Ptolemaios XV (44–30 f.Kr.

Kleopatra og Julius Cæsar[endre | endre wikiteksten]

Frå tempelet i Denderah: Kleopatra og Cæsarion.

I 48 f.Kr. fjerna rådgivarane til Ptolemaios XIII, leidd av evnukken Pothinos, Kleopatra frå makta og tvinga henne til å flykte frå Egypt. Søstera Arsinoë slo følgje med henne. Seinare same året, undergrov Ptolemaios si eiga makt ved å blande seg ufordelaktig inn i Roma sine saker. Da Pompeius, som flykta frå den sigrande Julius Cæsar, kom til Alexandria og søkte tilflukt, fekk Ptolemaios myrda han for å innynde seg hos Cæsar. Cæsar vart så forarga av dette sviket at han tok den egyptiske hovudstaden og sette seg til domar mellom dei rivaliserande krava til Ptolemaios og Kleopatra. (Det bør nemnast at Pompeius hadde vore gift med Cæsar si dotter, som døydde da ho fødde son deira). Etter ein kort krig vart Ptolemaios XIII drepen og Cæsar sette Kleopatra inn att på trona, med Ptolemaios XIV som ny medherskar.

Cæsar overvintra i Egypt i 48–47 f.Kr og Kleopatra styrkte den politiske stillinga si ved å bli elskerinna hans. Egypt vart verande uavhengig, men tre romerske legionar vart stasjonerte for å verne og kontrollere landet. Kleopatra sitt vinterforhold med Cæsar førte til at det vart fødd ein son som dei gav namnet Ptolemaios Cæsar (kalla Cæsarion, litle Cæsar). Men Cæsar nekta å gjere guten til arvingen sin og utnemnde grandnevøen og adoptivsonen Octavian i staden.

Kleopatra og Cæsarion besøkte Roma mellom 46 og 44 f.Kr. og var til stades da Cæsar vart myrda. Før eller rett etter at ho fór tilbake til Egypt, døydde Ptolemaios XIV på mystisk vis, kan hende forgifta av søstera. Kleopatra gjorde da Cæsarion til sin medherskar.

Kleopatra og Marcus Antonius[endre | endre wikiteksten]

Kleopatras bankett, av Giovanni Antonio Tiepolo 1743-1744.

I 42 f.Kr. kalla Marcus Antonius, ein av medlemene i det det andre romerske triumviratet som herska i Roma i maktvakuumet etter Cæsar sin død, Kleopatra inn til å møte han i Tarsus i Kilikia for å svare på spørsmål om lojaliteten hennar. Kleopatra kom på storslått vis og sjarmerte Antonius i den grad at han valde å vere vinteren 42–41 f.Kr. med henne i Alexandria. I løpet av vinteren vart ho gravid med tvillingar som fekk namna Kleopatra Selene og Aleksander Helios.

Fire år seinare, i 37 f.Kr., besøkte Antonius Alexandria igjen mens han var på veg til krig mot partharane. Han fornya forholdet sitt med Kleopatra, og frå da av vart Alexandria heimen hans. Han kan ha gifta seg med Kleopatra etter egyptisk skikk (eit brev sitert i Suetonius antydar dette), sjølv om han for tida var gift med Octavia, søster av hans allierte Octavian. Han og Kleopatra hadde enda eit barn, Ptolemaios Filadelfos. Seint i 34 f.Kr., etter Antonius si erobring av Armenia, vart Kleopatra og Cæsarion krona til medherskarar av Egypt og Kypros, Aleksander Helios vart krona til herskar av Armenia, Media og Parthia, Kleopatra Selene vart krona til herskar av Kyrenaika og Libya og Ptolemaios Filadelfos vart krona til herskar over Fønikia, Syria og Kilikia. Kleopatra tok også tittelen Dronning av kongar.

Oppførselen til Antonius saman med Kleopatra vart rekna som ein skandale av romarane, og Octavian overtalte senatet til å føre krig mot Egypt. I 31 f.Kr. møtte styrkane til Antonius Octavian til sjøs utanfor kysten av slaget ved Aktium. Kleopatra var til stades med ein eigen flåte, men da ho såg at dei dårleg utrusta og bemanna skipa til Antonius var i ferd med å tape for dei overlegne fartøya til romarane, flykta ho. Antonius forlet slaget for å følgje henne.

Kleopatras død[endre | endre wikiteksten]

Etter slaget ved Aktium invaderte Octavian Egypt. Da han nærma seg Alexandria, deserterte Antonius sine styrkar til Octavian. Kleopatra og Antonius gjorde begge sjølvmord, Kleopatra forgifta seg sjølv ved hjelp av ein slange 12. august 30 f.Kr. Kleopatras og Julius Cæsars son Cæsarion vart avretta av Octavian. Dei tre barna til Kleopatra med Antonius vart sparte og tatt med tilbake til Roma der dei vart oppfostra av Antonius si kone, Octavia.

Det er ofte sagt at Kleopatra brukte ein aspis for å drepe seg sjølv. «Aspis» viser teknisk sett til ei mengd giftige slangar, men her meiner dei den egyptiske kobraen, som nokre gonger vart brukt for å avrette kriminelle.

Kleopatra var gresk-makedonsk av språk og kultur og er rekna for å ha vore den første medlemen av familien sin i deira 300-årige styre av Egypt som lærte det egyptiske språket.

Rasedebatten[endre | endre wikiteksten]

Der er ofte debatt mellom egyptologar og afrosentriske historikarar om kva såkalla «rase» Kleopatra faktisk var. Egyptologane hevder at Kleopatra nedstamma frå ptolemeiane, ein gresk familie som nedstamma frå ein general for Aleksander den store. Dei seier at ptolemeiane sitt familietre indikerer at det var mykje innavl i familien, og at fordi Kleopatra var den første monarken som lærte egyptisk, var ho kvit. Antikke byster og myntar tyder også på at ho hadde kaukasoïd avstamming.

Afrosentriske historikarar, derimot, hevdar at det antikke Egypt var ein hovudsakleg farga sivilisasjon og at dei mest antikke egyptarane var farga menneske. Sjølv om dei godtar at Ptolemaios var kvit, trur dei at det må ha vore seksuelt samkvem mellom monarkane og folket i Egypt. Sidan Kleopatra si mor er ukjend (ikkje identifisert på ptolemeiane sitt familietre), trur mange at ho var ei svart konkubine.

Egyptologar seier at teorien om at Kleopatra skulle ha vore svart er afrosentrisk historierevisjonisme, laga for å skape stoltheit blant farga ungdomar. Afrosentriske historikarar seier at teorien om at Kleopatra var kvit er enda eit eksempel på kvite menneske sitt tjuveri av farga kultur.

Kleopatra i kunst, film, TV og litteratur[endre | endre wikiteksten]

Forteljinga om Kleopatra har fascinert mengder av forfattarar og kunstnarar opp gjennom hundreåra. Mykje av appellen hennar ligg utan tvil i legenda om at ho var ein stor forførar som var i stand til å alliere seg med to av dei mektigaste mennene (Cæsar og Antonius) i si tid.

Blant dei mest kjende verka om henne:

Filmar om Kleopatra[endre | endre wikiteksten]

Den tidlegaste filmen som inneheldt Kleopatra var Antony and Cleopatra (1908) med Florence Lawrence som Kleopatra. Den tidlegaste filmen om Kleopatra som hovudperson, var Cleopatra, Queen of Egypt, med Helen Gardner i hovudrolla(1912).

Blant filmane/TV-programma som var inspirert av dronninga av Nilen:

Teresa Pavlinek portretterte Kleopatra i ein episode av History Bites sett til slaget om Aktium.

Kleopatra på TV[endre | endre wikiteksten]

Historia om alle dei sju dronningane som bar namnet Kleopatra, vart fortald i mini-serien til BBC, The Cleopatras (1983).

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bokmålswikipediaen: [1]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Generelt[endre | endre wikiteksten]