Klepp

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Ein vanleg klepp til bruk i småbåt
Sjå òg Klepp kommune

Ein klepp, også kalla hytt, er ein handreiskap for å løfte fisk på land eller i båt under fiske.

Nordamerikansk indianar fiskar med klepp.
Måsøy kommune har ein klepp i kommunevåpenet sitt

For fiske med stong frå land, i sjø og i elvar, brukar ein til vanleg ein langskafta klepp med ein stålkrok for enden. Kroken kan ein huke fast i fisken før ein dreg han til lands. Ein langskafta klepp, ei langtroe, vert og brukt ombord i havgåande linebåtar til å huke fisk som losnar frå lina. Ved fiske med snøre frå båt er det vanleg å bruke ein kortskafta klepp med ein svakt bogeforma stålkrok, som fiskaren høgg fast i fisken når fisken når vassoverflata. Ein stor klepp til å få storkveite ombord i båten med vert kalla treet.

Hytt er ofte nemning for ein stutt klepp som i tillegg til å huke fisk om bord i båten vert nytta til å greie fisken ut or garnmauskane med.

Klepping av fisk[endre | endre wikiteksten]

Yrkesfiskarar kleppar fisken i hovudet. Om ein kleppar i fiskekjøtet vert det infisert med bakteriar frå spissen av kleppen. Det vil og verte daudblod i og rundt såret etter kleppen. Det kan føre til at filetmengda vert redusert med opp til 20%. Om ein punkterar innvolane på fisken med kleppen, kjem bakteriar frå tarminnhaldet ut. Det kan verte overført til større delar av fangsten.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Arnfinn Hay:Fiske og fangst. . Landbruksforlaget 1996

På nettet[endre | endre wikiteksten]

Klepp i bruk