Kleppe

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Byggeaktivitet i Kleppe sentrum våren 2007

Kleppe er administrasjonssenteret i Klepp kommuneJæren i Rogaland fylke . På Kleppe bur det om lag 3000 menneske, men medrekna Verdalen er det 8 036 innbyggjarar (2012) i tettstaden Kleppe/Verdalen.

Klepp kyrkje frå 1846 ligg mellom dei to høgdedraga Kleppevarden og Haugabakka. Nedanfor kyrkja ligg Kleppekrossen, som er sentrum i bygda. I Kleppekrossen finst bankar og ymse butikkar . I nordaustre delen av Kleppe ligg Klepp stadion og Kleppe skule. Vidare i austleg retning mot Klepp Stasjon ligg idretts- og symjehall, turnhall og ny ungdomsskule (bygd i 2005).