Klede

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Klesplagg)
Ulike klede frå antikken og mellomalderen. Her finst døme på sydde og usydde plagg, klede som dekker mykje og lite av kroppen, klede som har symbolikk eller pynt som hovudfunksjon, i kontrast til vernande rustningar.

Klede eller tøy er tilverka materiale brukte til å dekka delar av menneskekroppen. Klede kan ha ulike funksjonar, som å pynta, verna, skjula eller visa fram kroppen, statusen eller kulturen til beraren. Klede er som oftast laga av tekstilar, men andre materiale, som skinn, tre eller plast, kan òg brukast. Menneske med lite eller ingen klede blir kalla nakne eller halvnakne.

Opphav[endre | endre wikiteksten]

Kort jernaldertrøye funne i Thorsberg Mose, laga av rektangulære tøystykke.

Sidan klede historisk er blitt laga av naturmateriale, finst det få leivningar frå dei eldste tidene, og ein veit lite konkret om klesdrakt frå steinalderen. Menneske gjekk truleg nakne i lang tid etter at dei mista kropphår, men må ha brukte klede for minst 40 000 år sidan, då kroppslusa, som sit i klede, hadde utvikla seg. Mennesket vandra ut frå Afrika for rundt 100 000-50 000 år sidan, og det kan vera at bruk av klede gjorde det mogleg å klara seg i kjøligare klima.[1] Synåler av bein frå rundt 30 000 f.Kr. i Kostenki i Russland tyder på sying av denne tida, truleg av skinn eller lêr. Andre tidlege klede kan ha vore laga av gras og lauv.

Seinare utvinning av fiber frå plantar (bomull, lin) og dyr (silke, ull) gjorde at ein kunne tvinna og spinna tråd som så kunne vevast, strikkast eller knytast til tøystykke. Dekorasjonar som broderi, kniplingar og appliké blei også utvikla.

Funksjon[endre | endre wikiteksten]

Klede kan brukast til å skjula og å visa fram kroppen. «Athenais» måla av John William Godward.

Funksjonen til klede kan delast i fem grove kategoriar: Vern, varme, pynt, blygd og symbolikk.[2]

Varmen klede gjev er ein viktig grunn til at ein ber dei. Utan klede kunne ikkje menneske overlevd i kaldare strok, men til og med i tropane utset ein seg for sjukdomsfare ved å ikkje ha på klede. Klestypar som anorakk, genser, sjal og topphue er utforma særskilt for å gje varme.

Vernet kleda gjev kan vera mot den naturlege verda: Kulde, varme, solstrålar, vind, vatn og liknande. Klede kan òg verna mot vald frå dyr eller menneske, og mot situasjonar der ein utset seg for farar som eld, smitte eller mogleg skadande ting. Nokre klede hovudsakleg brukte for å verna er vernetøy, regntøy, skotsikre klede og rustning.

Pynt er også ein viktig funksjon av klede, og dei kan brukast både til å framheva og å endra forma på kroppen. Fordi ein ofte vil sjå finast mogleg ut, kan ein berar bruka mykje krefter på å finna klede som er gildast mogleg, til dømes ved at dei har fine fargar, er i materiale som er flottast og dyrast mogleg, følgjer moten og elles framhevar venleiken.

Blygdreglar varierer i ulike samfunn, men dei fleste vil rekna nokre delar av kroppen private slik at dei må skjulast frå andre. Bikini og skaut er døme på klede som særleg er meint for å skjula slike delar.

Symbolverdien til klede tyder at dei kan visa status innanfor eit samfunn, til dømes om ein er ung eller vaksen, mann eller kvinne, gift, ugift eller høyre til enkjestanden. Mange yrke og stillingar blir markerte gjennom kleda ein har på seg, til dømes munkedrakter eller uniformer. Klede kan også markera at ein høyrer til eitt samfunn og ikkje eit anna, som folkedrakter, som viser etnisk eller nasjonal tilhøyrsle, og klede knytte til ein viss religion, som hidjab knytt til islam eller skjørt og bluse knytte til kristendom.[3] Klede kan også brukast til å bytta rolle, som ved utkleding eller forkleding.

Utforming[endre | endre wikiteksten]

Desse masaikvinnene og -ungane har på seg usydde tøystykke som er asymmetrisk knytte over eine skuldra.

Utforminga av klede kjem an på kva materiale, teknikkar og fargestoff ein kan bruka og kva smaken (mote og tradisjon) seier, i tillegg til at funksjonane nemnd over speler inn.

Eit viktig skilje mellom ulike typar klede er om dei er sydde til ein viss fasong eller om ein draperer rundt seg usydde plagg. Ein klesdrakt er gjerne sett saman av ulike sydde (bukse, jakke, kjole) og usydde (kilt, sari, sjal). Medan europearar ofte brukte draperte plagg i antikken, blei det meir vanleg å sy dei, til sydde klede blei vanlegast i mellomalderen. Dette hadde mykje å seia for utviklinga av vestleg klesmote.

Ofte vil klede følgja ein symmetri rundt midtlinja framme på kroppen (ei tenkt linje som går gjennom nasen og navlen), noko som er vanleg innan vestleg mote, men ein kan også ha asymmetriske plagg, til dømes sariar som dekker eine skuldra, men ikkje den andre.

Klede kan også variera mellom å vera vide og lause (kaftan, kimono) eller tettsitjande (hoser, badedrakt). Medan ein i Europa og Nord-Amerika ofte har føretrekt tettsitjande klede, er lause klede som ikkje framhevar kroppsforma særleg blitt føretrekte i den muslimske verda.

Kor mykje av kroppen som er dekt av klede varierer mykje, frå nesten ingenting (ein ber berre penisfutteral eller lendeklede) til alt (burka, astronautdrakt). Nokre klesplagg dekker store delar av kroppen (boubou, kjeledress) medan andre berre dekker ein liten del (miniskjørt, vottar).

Livssyklus[endre | endre wikiteksten]

Produksjon[endre | endre wikiteksten]

Fabrikkproduksjon av klede i Knoxville på 1980-talet.

I tradisjonell kleslaging har ein vunne ut fiber eller skinn og vove, sydd eller strikka dei til klede i mindre skala, gjerne i heimen eller i mindre skreddarverksemder. Ein har brukt stoff frå plantar, dyr og ulike kjemiske stoff for å få fram ettertrakta klesfargar, og ulikt farga trådar har gjeve mønster som ruter og striper. Andre mønster kunne trykkast og broderast på, opphavleg for hand.

Ressursane og arbeidet som kravdest for å laga tøy gjorde at ein nytta det så effektivt ein kunne. Ein nytta typisk heile stykke av klede, eller klippa trekanta stykke frå kanatane som kunne brukast til forsterkingar. Dyrebare klede som brukte mykje kostbart tøy var eit viktig luksus- og statussymbol.

Global handel med råvarer, masseproduksjon av tekstilar og av klede ved hjelp av symaskinar gjorde klede mykje billigare og raskare å laga. Nye, fine klede blei tilgjengelege for fleire, motar kunne endra seg raskare for eit større tal forbrukarar, og klesskaparar kunne utforma klede utan å vera så økonomiske med stoffet. Frå slutten av 1890-talet gav fleire nye kunststoff meir industriell produksjon med ein vidare type stoffeigenskapar. Samla har auken i klesproduksjon ført til eit mykje raskare forbrukstempo, ofte omtalt som «bruk og kast».[4]

«How a British Woman Dresses in Wartime» (1943). Under andre verdskrigen var det tekstilmangel i Storbritannia, og det blei rekna som ei patriotisk dygd å laga klede av det ein hadde. Kvinna i bildet har på seg ein bluse laga av ein gammal selskapskjole, skjørt laga av ein annan kjole ho har bytta til seg, og kvit turban som kan brukast saman med fleire antrekk.

Vedlikehald[endre | endre wikiteksten]

Klede blir utsett for ureining, både frå kroppen til beraren og omverda, og må vaskast frå tid til annan. Etter vask må dei kanskje bleikast eller stykast. Nokre klede toler dårleg vatn, og blir anten ikkje vaska, eller må reinsast kjemisk.

Oppbevaring av klede kan gå ut på å verna dei frå skadedyr som møll, mugg i fuktige omgjevnader og sollys, som kan bleika fargar. For å hindra skrukker kan ein bretta kleda fint eller henga dei opp på kleshengjarar. Strikka klede kan derimot ikkje henga, fordi dei lett kan strekka seg og mista fasongen.[5]

Brukte og utslitne klede[endre | endre wikiteksten]

Klede blir slitne ved bruk, og kan få hol og rifter, mista knappar, få øydelagd glidelås eller borrelås og liknande. Dette kan ofte reparerast, eller ein kan bruka delar av kleda som materiale til nye klede. Klede som er blitt for holete eller skjøre til å kunne vølast er tradisjonelt blitt brukte til lappeteppe, bandasjar og filler, som igjen kunne brukast til å laga filleryer, papir og så bortetter.

Klesreparasjon blei mindre vanleg i løpet av 1900-talet, og det er i dag vanlegare å kvitta seg med klede som går sund eller som ganske enkelt er gamle.[6] Gamle klede i god stand kan seljast i bruktbutikkar, medan andre til dømes kan resirkulerast til nye tekstilar, teppe eller filler til bruk i industrien.[7]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Why Humans and Their Fur Parted Ways i The New York Times, August 19, 2003
  2. Charlotte Perkins Gilman: Dress of Women : A Critical Introduction to the Symbolism and Sociology of Clothing, som lister opp «a. Protection. b. Warmth. c. Decoration. d. Modesty. e. Symbolism.»
  3. «Dress code» ved New Life Christian Academy, døme på retningsliner for kristen klesdrakt.
  4. «Klær fra grav til vugge»[daud lenkje], forskning.no
  5. How to Store Knitwear, Inside Out Style
  6. Old Mending Techniques in Vogue, nicefashion.org
  7. New from old, textiles4textiles.eu; Systems for recycling, nicefashion.org