Klesplagget vest

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Sjå òg vest, ei av himmelretningane
Finvest.

Vest er ein type klesplagg for overkroppen, som oftast utforma som ei jakke eller ein genser, men utan armar.

Det finst mange typar vestar, og kva for ein type som er vanlegast skil seg frå stad til stad og land til land. I Noreg har vesten i nyare tid vore mest brukt av menn, og då først og fremst for å pynte seg, gjerne med ein tynn vest utanpå finskjorta, gjerne under dressjakka. Slike vestar er eit av dei få klesplagga ein kjenner historia til.

Finvesten si historie[endre | endre wikiteksten]

Karl II av England med finvest. Måleri frå 1642 av William Dobson.

Kong Karl II av England introduserte vesten som ein del av korrekt dresskode. Samuel Pepys, sekretær og personleg tenar, skreiv i oktober 1666 at «Kongen deklarerte i går under råd ein resolusjon om ein mote for kle som han aldri vil endre. Det vil vere ein vest, men eg veit ikkje heilt korleis.» Denne kongelege kunngjeringa er første gongen ein vest av dette slaget er nemnd. Gjennom 1600-talet og 1700-talet var vestane gjerne svært forseggjorte og fargerike, inntil slutten av 1800-talet då moten dikterte at vestane skulle vere same fargen som resten av dressen.

Vesten var ein naudsynt del av ein mann sitt forretningsantrekk, og òg i fritidsdressen, fram til midten av 1900-talet. Ein del av populariteten kjem på grunn av det ekstra laget med varme som det skapte, men rasjonering av tøy under andre verdskrigen, aukande popularitet for genseren og andre typar toppar, i tillegg til den stendig mindre formelle klesstilen, førde til nedgang i bruken. I dag er den først og fremst brukt under svært formelle omstende og av meir konservative forretningsmenn.

Tidlegare vart det gjerne sagt at ein kunne sjå på ein mann om han var ein ekte herre ved å sjekke om den nedste knappen på vesten ikkje var knappa. Dette var visstnok eit resultat av ein vane som kong Edvard VII av England hadde. Medan han var prinsen av Wales, auka livvidda og han vart nøydd til opne den nedste knappen. Historia seier at undersåttane såg på dette som ein stilindikasjon og byrja å gjere det sjølv.

Andre typar vestar[endre | endre wikiteksten]

Politimann med skotsikker vest utanfor 10 Downing Street. (Foto: Adrian Pingstone)

Alt etter samanhang, kan ein nytte vestar i andre material og utformingar.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Finvestar
Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Alle slag vestar