Kleven Verft

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kleven Verft

Kleven Verft sett frå Hasundhornet.
Foto: Sundgot
Org.formAksjeselskap
Org.nr.923322132
BransjeSkipsbygging
Skipa1939
HovudkontorUlstein kommune
LandNoreg
Nettstadhttps://kleven.no (norsk)

Kleven Verft ligg på Dimnøya i Ulstein kommune med utsikt mot sentrum av Ulsteinvik.

I juli 2020 vart verftet erklært konkurs.[1]

Historia til verftet[endre | endre wikiteksten]

Oppstart og vekst til stort konsern[endre | endre wikiteksten]

Verksemda vart starta av Marius Kleven (1900-1979) i 1939. Då bygde han ei lita smie, der han tok på seg ymse oppdrag på kveldstid, M. Kleven Mek. Verksted. Etter kvart kom dei fire sønene hans med i i verksemda. Frå 1944 arbeidde Marius Kleven på heiltid i smia. Dei første åra vart det mest vedlikehalds- og ombyggingsarbeid for fiskeflåten. Det første nybygget kom i 1961.

I 1964 vart M. Kleven Mek. Verksted omdanna til aksjeselskap, Kleven Mek. Verksted A/S, med dei 4 sønene til Marius Kleven: Arthur, Magnar, John og Asbjørn Kleven, som 4 likestilte eigarar. Desse fekk også kvart sitt ansvarsområde ved verksemda.

Det skjedde stadig utbyggingar ved verftet, og verftet tok på seg større og større oppdrag. I 1975 vart dotterselskapet Kleven Industri A/SRovde i Vanylven etablert. I 1980 tok ein over konkursråka Løland Verft i Hyllestad i Sogn, som vart dotterselskapet Kleven Løland A/S. I juni 1989 overtok ein dei to tidlegare Ankerløkken-anlegga i Florø og Førde, gjennom eit nyskipa dotterselskap, Kleven Florø A/S.

Fusjon med Kværner[endre | endre wikiteksten]

I april 1990 vart Kleven Mek. Verksted A/S fusjonert med Kværner-konsernet, og fekk namnet Kværner Kleven Ulsteinvik AS. Ved fusjonen var det 850 tilsette i Kleven-gruppa, omsetninga i 1989 var på vel 700 millionar kroner med eit resultat på 125 millionar kroner før årsoppgjersdisposisjonar. Ordrereserven var på vel 4,6 milliardar kroner. Noko av bakgrunnen for fusjonen var at ein begynte å nærme seg eit generasjonsskifte.

Tilbakekjøp frå Kværner[endre | endre wikiteksten]

Etter nokre år ville Kværner-konsernet ut av skipsbyggingsindustrien, og Kværner ASA vedtok å selje skipsverfta sine. Det var dermed mogleg å få kjøpt tilbake verfta til ein akseptabel pris. Kleven-brørne hadde tru på potensialet i verfta, og fekk saman med bedrifter innan Hareid Elektriske-gruppa kjøpt tilbake verfta. Kleven Verft vart overteke pr. 1. juli 1999, og Kleven Florø frå 1. januar 2000. Hareid Elektriske-gruppa hadde eigarinteresser i Myklebust Verft i Gursken i Sande kommune, og Myklebust Verft vart dermed med i det nye Kleven-konsernet. Kleven Maritime AS vart etablert som morselskap, og med verfta Kleven Verft AS, Kleven Florø AS og Myklebust Verft AS vart etablert som dotterselskap.

I august 2006 blei Kleven Florø og Kleven Design selt til Aker Yards. Kleven Maritime AS hadde dermed att dei to byggeverfta i Møre og Romsdal. Der satsar dei på å bygge avanserte båtar. Etter ein svært stor oppgang i marknaden og rekordstore ordrebøker, leigde Kleven Maritime AS i 2007 inn verftskapasitet i Førde.

I dag består selskapet av Kleven Verft AS, Myklebust Verft AS og avdelinga i Førde som ligg under Kleven Verft AS.

Blant dei meir prestisjefylte oppdraga til Kleven Verft er at ein mellom anna har bygd ei rekkje hurtigruteskip.

Kleven Verft AS var eit dotterselskap til Kleven Maritime AS. Verftet vart eigd av Hurtigruta ASA til mars 2020. Det vart så selt til DIV Group frå Kroatia.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Korsnes, Malin Kjellstadli (3. juli 2020). «Kleven Verft er konkurs». NRK. Henta 3. juli 2020.