Klima i Australia

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Klimasoner i Australia etter Köppen-klassifieringa
Uluru eller Ayers Rock ligg sentralt i det tørre sentrale område i Australia kalla The Outback.

Klimaet i Australia varierer frå nesten tropisk klima i nord til eit mykje meir temperert klima lengst sør. Dei fleste menneska bur på søraustkysten av landet, og her har Great Dividing Range mykje å seie for klimaet. Denne fjellrekkja vernar den søraustlege delen av landet frå den steikande varmen og dei tørre forholda ein har i det store indre område av Australia, kalla Outback. Det meste av Outback kan kallast ørken, men sjølv om dei vanlegvis får svært lite nedbør kan stundom tropiske lågtrykk passere over området og gje mykje nedbør. Dette fører ofte med seg flaum og stengde vegar. Alice Springs, som ligg midt i Outback, fekk 205 mm nedbør på ein einaste dag i mars 1988. Dette er nær same nedbørsmengda byen normal får på eit heilt år!

Toppane av Dividing Range er dei kaldaste stadane i landet om ein ser bort i frå Tasmania, og vêret er nesten maritimt med regn eller snø om lag halvparten av dagane i året. Her er akkurat nok snø til at ein har eit par skistader. Sørover frå fjellområda mot Bass-sundet og Tasmania vert klimaet meir maritimt med kjøligare vêr og regn eller snø om lag annakvar dag. Nordkysten av Australia merkar den indiske monsunen kvart år, og her kan det kome store nedbørsmengder. Så godt som alt kjem derimot mellom desember og april. Vinteren frå mai til oktober er varm og fuktig, men det kjem svært lite nedbør.

Ifølgje australske Bureau of Meteorology (BOM) har 80 % av landet mindre enn 600 mm (24 in) nedbør årleg, og 50 % har mindre enn 300 mm (12 in).[1] Totalt har Australia ei svært låg nedbørsmengd på 419 mm (16 in).[2]

Den normale nedbørsfordelinga gjennom året i Australia vert av og til snudd på hovudet av vêrfenomen som tropiske syklonar og El Niño-episodar. Syklonar kan av og til halde seg i nærleiken av landet i dagevis og gje enorme mengder regn på kort tid — av og til opp i 500 mm på ein dag. El Niño fører ofte til tørke i nord og i aust, medan La Niña kan føre til flaum. Skogbrannar herja landet under El Niño-episoden i 1982-83, medan område i New South Wales vart overfløymde av regnvatn under La Niña i 1999-2000. Den kraftige El Niño-episoden i 1997-98 hadde derimot liten påverknad på vêret i Australia.

Victoria og New South Wales[endre | endre wikiteksten]

Klimaet i desse delane av landet er som ein miniversjon av resten av landet med maritimt klima på kysten og tørt klima i dei indre områda. Sydney og Melbourne har mykje fint vêr. Vinteren her er som regel kjølig, men sjeldan veldig kald. Det har enno ikkje vore frost i Sydney (men det kom snø her i 1836), og i Melbourne er det berre sjeldan frost i dei høgareliggande områda. Canberra ligg om lag 570 meter opp i Great Dividing Range, og her kan det vere frost om morgonen og snø ein gong og to i året. Over 1500 m over havet ligg som regel snøen i fleire månadar om vinteren.

Om sommaren er det meir variasjon i vêret mellom dei indre områda med svært høge temperaturar og det alltid kalde Sørishavet. Frå seint på våren til tidleg på hausten har ein ofte torevêr på kysten frå Sydney til Brisbane. Dei kan føre med seg svært kraftig nedbør, lyn og av og til store hagl. I 1999 vart Sydney råka av ein av dei mest alvorlege haglbyene i verda nokon gong. Dei største hagla var 8 cm i diameter, og haglbya som varte meir enn fem timar gjorde skadar på 40 000 køyretøy og 20 000 bygningar. Kvar einaste heim i bydelane Kensington og Eastlakes fekk skadar, og det kosta om lag 1,5 milliardar australske dollar (om lag 7 milliardar kroner). Sjølv om Melbourne er meir skya og kaldare om vinteren, kjem det berre om lag halvparten av nedbøren som Sydney får. Melbourne har ein årleg nedbørsnormal på 650 mm, medan Sydney har 1183 mm. Melbourne er derimot meir utsett for varmebølgjer frå dei indre områda. Det kan derimot bli varmt i Sydney òg, og i januar 1939 sette begge byane varmerekordane sine med 45 °C, medan dei indre områda vart råka av store skogbrannar. Skogbrannar kan innimellom dekke kystområda i eit røykteppe, og øydeleggje store område innanlands. Om sommaren kan av og til kaldfrontar flytte seg opp frå sør, og føre til temperaturfall på så mykje som 20 °C på berre ein time.

Great Dividing Range i Victoria.

Queensland[endre | endre wikiteksten]

Gold Coast i Queensland etter ein storm.

Great Dividing Range utgjer ein stor innverknad på klimaet i denne delstaten òg. Kystområda har eit ganske vått klima, medan dei indre områda på andre sida av fjellrekkja er svært tørre. I 2000 sette Belenden Ker (like sør for Cairns) ny nasjonal nedbørsrekord med 12 461 mm på eit år. Frå Brisbane til Port Douglas kan den søraustlege passatvinden mot fjella gje regn kor tid som helst på året. November til april er likevel den våtaste tida på året, medan august og september er dei tørraste månadane. Townsville er derimot eit forholdsvis tørt område med ein årleg nedbørsnormal på 1164 mm. Tropiske syklonar er ein alvorleg trussel i heile Queensland om sommaren, men ingen tropiske syklonar har derimot gått på land sidan 1970-talet. Dei siste 30 åra har folkesetnaden auka mykje, og styresmaktene i området er uroleg med tanke på slike hendingar og har laga omfattande evakueringsplanar. Utanom syklonar er ikkje flaum uvanleg i regntida, særleg lengst mot nord. Det meste av Queensland ligg derimot vest for Great Dividing Range, frå den tropiske Cape York-halvøya til det uttørka Great Artesian Basin. Great Artesian Basin kan få flaum sjølv om det ikkje regnar, fordi regnet strøymer frå fjella og ned i området og vidare til Lake Eyre. Elles er dei indre områda av Queensland som resten av Outback, tørt året rundt med høge temperaturar om sommaren og litt lågare temperaturar om vinteren.

South Australia[endre | endre wikiteksten]

Great Australian Bight i South Australia

Dette er den tørraste landsdelen i eit allereie tørt land. Store delar av South Australia får mindre enn 300 mm i løpet av eit år. Det er ikkje like varmt her som i dei nordlege områda, men dei fleste sommardagane kjem likevel over 30 °C, og ofte har ein temperaturar over 35 °C over heile delstaten. Oodnadatta har hatt over 50 °C. Vinteren er vanlegvis tørr og kjølig, og langs kysten kan ein ha like skya og fuktig vêr som i Melbourne, men med litt lettare regn. Kanskje den mest spektakulære vêrrelaterte hendinga i Australia har ein i Lake Eyre. Om lag 15 % av nedslagsfeltet til nedbøren i Australia hamnar på denne vanlegvis tørre saltflata. Enkelte år, ofte under ein La Niña, vert innsjøen fylt opp. Sjøfuglar strøymer til området og saltkreps og andre sjødyr oppstår.

Northern Territory[endre | endre wikiteksten]

Alice Springs ligg midt i ørkenområdet sentralt i Australia

Det er store skilnadar frå monsunklimaet i Darwin og det klassiske ørkenområdet nær Alice Springs. Dei nordlegaste områda, Top End, som inkluderer nasjonalparken Kakadu har dagtemperaturar på rundt 30 °C året rundt, og nattetemperaturane er berre litt lågare om vinteren enn om sommaren. Den største variasjonen gjennom året er nedbørsmengdene. Top End-området har svært høge temperaturar i oktober og november før monsunen set inn, og nesten daglege torevêr om sommaren. Juni til august er så godt som heilt tørre. Små, men intense tropiske syklonar kan råke kysten gjennom heile regntida. Syklonen Tracy øydela 70 % av bygningane i Darwin første juledag i 1974. Sørover fra Darwin vert det gradvis varmare og tørrare, og dei tørre områda dekker den sørlege halvdelen av delstaten. Nettene på midten av sommaren er vanlegvis over 20 °C nær Ayers Rock og mange ettermiddagar er opp mot 38-40 °C. Enkelte år kan restane av ein tropisk syklon eller eit anna lågtrykk passere over ørkenområda og gje litt etterlengta regn om sommaren og hausten.

Western Australia[endre | endre wikiteksten]

Hanson Bay i Western Australia.

Nordvestkysten av Australia kan ha store klimatiske skilnadar frå år til år. Byen Onslow har hatt årlege nedbørsmengder frå berre 15 mm til 1085 mm. Dei fleste av dei kraftige tropiske syklonane som har råka Australia mellom 1950 og 2000 har treft vestkysten av landet. Great Sandy Desert er Australia sitt varmaste område med ein gjennomsnittleg maksimumstemperatur på 38 °C i januar. Byen Marble Bar hadde 160 dagar på rad med slike temperaturar i 1923-1924. Den sørlege halvdelen av ørkenen har litt lågare temperatur. Kaldfrontar kan sveipe innover i landet om lag ein gong i veka, og kysten frå Carnarvon og sørover har ein sjøbris som gjev meir behagelege forhold. I Perth vert denne sjøbrisen kalla «Framantle doctor» og på Nullarborkysten «Esperance doctor». Når ein ikkje har denne sjøbrisen kan temperaturen stige frå rundt 26 °C til 45 °C. Den sørvestlege kyststripa har middelhavsklima med varme og tørre somrar, og milde og våte vintrar.

Tasmania[endre | endre wikiteksten]

Cradle Mountain på Tasmania.

Tasmania har eit klima som skil seg frå resten av Australia. Fjellområda og vestkysten kan få ein god del nedbør kor tid som helst på året. Hobart og andre stader på austkysten får mindre nedbør, men sjølv her kjem det nedbør annakvar dag på sommaren og om lag to av tre dagar om vinteren. Når ein har kjølig vind kan det komme snø i fjellområda kor tid som helst på året. Hobart får sjeldan frost om vinteren, men dei høgareliggande forstadane får snø nokre gongar i året. Somrane her er stort sett kjølige, men av og til strøymer varmluft over Bass-sundet frå Melbourne. Sørlege delar av Tasmania kan få ein fønvindeffekt når luft strøymer nordfrå og over fjella. Temperaturen kan då stige til over 30 °C enkelte sommardagar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Climate of Australia
  2. Precipitation in Australia. Climates and Weather of Australia (Routledge). 1997. s. 376. ISBN 978-0-415-12519-2.