Klima i Canada

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Veg i Yukon

Klimaet i Canada er ganske så variert og er ganske likt klimaet i USA, men litt tørrare og kaldare. Lågtrykk bygger seg ofte opp over dei sørlege områda, særleg i Alberta, før dei går sørover mot Dei store sjøane. Ein annan stor klimatisk faktor er Hudsonbukta, som går langt sørover i dei austlege områda, og som er islagd halvparten av året. Dette gjer at kald polarluft kan trenge lenger sørover enn ho vanlegvis ville gjort. Permafrosten strekkjer seg lenger mot ekvator her enn nokre andre stadar i verda. Golfstraumen i Atlanterhavet påverkar berre kystområda lengst søraust, og lenger nord på den canadiske austkysten strøymer den kalde Labradorstraumen sørover. Ein har derimot ikkje berre kulde i dette enorme landet. Slettelandskapet i vest har ofte smelteperiodar midtvinters, og kystbyane Vancouver og Halifax er forholdsvis milde. Det meste av landet har lange, varme og solrike sommardagar, og i det sørlege Ontario kan det til og med bli lummert.

Canada er eit av dei områda i verda som er mest sensitiv til klimaendringar, og dei siste åra har middeltemperaturen for heile landet vore meir enn 1,5 °C høgare enn normalt, og særleg vinteren har vore mildare enn tidlegare. Ujamne smelteperiodar har skapt problem for blant anna innfødde i nord og isbjørnar.

Aust-Canada[endre | endre wikiteksten]

Nova Scotia

Dei fleste innbyggjarane i Canada bur i denne delen av landet, frå det sørlege Ontario via Quebec til kystområda. Denne sona, som ligg mellom Dei store sjøane, St. Lawrencebukta og Atlanterhavet, har fire årstider. Byar som ligg langt inn i landet, som Ottawa, kjem sjeldan over 0 °C om vinteren, medan den midla maksimumstemperaturen i kystbyar som Toronto og Halifax ligg rundt 0 °C i januar. Kystområda kan få både vindfulle dagar og klåre, svært kalde dagar i tillegg til litt snø eller underkjølt regn. Kulda ligg til langt utpå våren, og kystområda har ofte tåke i denne perioden. Sommaren og perioden tidleg på hausten er derimot ofte behageleg. Dei normale temperaturane om sommaren varierer frå rundt 10 °C om natta og opp til 26 °C om ettermiddagen, og innanfor kysten er temperaturane hakket høgare. Kraftige tornadoar har derimot fleire gongar råka sørlege område av Ontario, som vert kalla «bananbeltet» i Canada (sjølv om det ikkje veks bananar her).

Newfoundland lenger aust har eit klima som liknar Nova Scotia sitt, men er fuktigare med meir skya vêr. Labrador er enno kaldare om vinteren, og kjøligare og enno meir skya om sommaren. Her ligg ofte snøen til ut i mai. I sjeldne tilfelle kan tropiske orkanar raskt gå forbi austkysten av USA og opp mot Canada med kraftig vind og mykje nedbør på kysten. Ein har som regel ustabilt vêr i Aust-Canada, og nedbøren er jamt fordelt gjennom året. I dei folkesette områda kjem det om lag 50-80 mm fordelt på 10-15 dagar kvar månad.

Prærieprovinsane[endre | endre wikiteksten]

Prærien i Alberta

Dei nordlegaste av dei større byane i Canada — Winnipeg, Saskatoon, Regina, Calgary og Edmonton — er spreidd utover slettelandskapet mellom Rocky Mountains og myrområda nær Hudsonbukta. Som i dei sørlege steppeområda i Ukraina og Russland har dette området rik jord og varme, lange somrar som gjev gode vekstforhold for korn. Dei austlege områda av prærien kan til og med få lumre forhold om sommaren. Ein har akkurat nok regn- og torebyer til å halde landet frodig, men dei kan stundom føre med seg tornadoar og kraftig hagl, særleg i Alberta. Om vinteren skiftar vêret mellom iskald nordavind eller mild og kraftig vestavind ned frå Rocky Mountains. Snøstormar kan stundom råke denne delen av landet, og gje så godt som null sikt, men snøfallet er sjeldan så kraftig som på austkysten. Året sett under eitt er dette det mest solrike området i Canada.

British Columbia[endre | endre wikiteksten]

Kystområda her er mild og fuktig, medan dei indre områda og fjella er tørrare. Vancouver har ein årleg nedbørsnormal på 1458 mm. Dei vestlege fjellsidene får svært mykje regn og snø om vinteren, medan austsida er mykje tørrare. Dette er om lag dei same forholda som me har i Sør-Noreg. British Columbia vert påverka av både El Niño (som gjev tørrare forhold) og La Niña (som gjev større sjans for ekstremt store nedbørsmengder).

Nord-Canada[endre | endre wikiteksten]

Som i Sibir er Nord-Canada eit av dei folkesette områda i verda med hardast klima. Frå kysten av Yukon til kysten av Hudsonbukta varierer middeltemperaturen i januar mellom -25 °C og -35 °C, men om sommaren kan ein nesten ha behagelege forhold i sola. Dei indre områda får vanlegvis temperaturar over 15 °C i juli, og ein har hatt temperaturar over 35 °C. Nær Nordishavet held temperaturen seg derimot stort sett under 15 °C i juli, og skyer og tåke er vanleg.

Fjellet Stawamish Chief i British Columbia

Kjelder[endre | endre wikiteksten]