Klima i Chile

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Kart over vindar, havstraumar og faste syklonar nær Chile.

Klimaet i Chile er på mange måtar like unikt som den geografiske forma på landet. Chile dekkjer over 38 breiddegrader, men berre 2 lengdegrader på det smalaste. Langs heile landet ligg Stillehavet i vest og Andesfjella i aust. Klimaet går frå subtropisk til subarktisk i sør, medan høgdeskilnadane òg spelar ei rolle på dei klimatiske tilhøva.

Dei tørre kystområda som startar i Ecuador og går langs Peru endar opp i Atacamaørkenen i det nordlege Chile. Kystlinja og åssidene i nærleiken av Antofagasta og Taropacá får ikkje ein gong yret dei har lenger nord og sør, og det kan år mellom kvar gong det kjem nedbør. Arica har ein årleg nedbørsnormal på 0,8 mm i året, og er kjend som den tørraste folkesette staden i verda. Om vinteren kan ofte sola bryte gjennom det låge skydekket, men ettermiddagane er likevel kjølige. Dei fleste sommardagane er krystallklåre og er akkurat varm nok til at dei kjennest fuktige. Like innanfor kysten kan det derimot bli mykje varmare. Dei høge Andesfjella nord i Chile har store døgnlege temperaturvariasjonar heile året, og om sommaren har ein ofte torevêr som ofte berre fører med seg lyn og tore, og lite nedbør. Det er så tørt i dette området at sjølv om fjelltoppane er opp til 6700 m høge har dei ikkje isbrear.

Sentrale område av Chile er ei overgangssone. Om vinteren byrjar ein og få regn og tåke på kysten sør for La Serena (rundt 30 ºS). Ved Concepción (rundt 37 ºS) får ein ei regnbye om lag ein gong i veka om sommaren. Ved Valdivia (40 ºS) får ein regnbyer om lag kvar andre eller tredje dag på sommarstid, og om vinteren kan det regne nesten kvar dag med opp til 300 mm i månaden. Like innanfor, går den høge dalen rundt Santiago gradvis over i den sentrale jordbruksdalen i sør. Dette beltet er mykje meir kontinentalt enn kystområda, og temperatursvingingane er store (men mindre jo lenger sør ein kjem). Ettermiddagen om sommaren her er varm med lite regn eller torevêr, medan vintrane er kjølige med lett regn mange av dagane. Sjølv om det sjeldan kjem store nedbørsmengder kan ein innimellom få flaum. Om våren kan ein fønvind strøyme ned dei vestlege fjellsidene og gje høge temperaturar som raskt fjernar snøen i dei vestlege Andesfjella.

Landskap utanfor Puerto Varas i Sør-Chile.

Den vedvarande vestavinden påverkar klimaet i dei sørlege fjellområda og øyane i Chile. Patagonia er eit område som er kjend for mykje vind. Magellanøyane får vind opp i stiv kuling nesten kvar ettermiddag, og i høgda er det ikkje uvanleg med vind av orkan styrke. Sommaren er faktisk den mest vindfulle tida på året i denne delen av landet, og temperaturane kan ofte går ned mot frysepunktet, så denne årstida har ofte sure vêrforhold. Dei vestlege fjellsidene i dette området er blant dei våtaste på jorda på så høge breiddegrader, og enkelte område kan få så mykje som 6000 mm på eit år. Sør for 52 ºS er nedbørsmengdene mindre. Områda lenger aust, som Punta Arenas, har steppeliknande klima med lite nedbør. Området er derimot stort sett skya, og ein kan ofte få lette mengder med regn og snø.