Klima i USA

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Klimaet i USA er kjenneteikna med nokre av dei mest ekstreme vêrfenomena ein har på jorda, som tropiske orkanar, tornadoar, snøstormar, store temperaturskilnadar, og enorme nedbørsmengder. Landet har ein minimums- og maksimumstemperatur som varierer frå -62 °C til 57 °C, og stader har fått 1000 mm regn på mindre enn ein dag, medan andre område har fått 25 meter snø på berre ein vinter.

Dei 48 samanhengande statane ligg alle innanfor den tempererte sona, så ein kan vente seg både behaglege temperaturar og stundom svært kalde eller varme forhold så godt som alle stader. Folk på Miami Beach har sett snø falle til bakken (januar 1977), medan temperaturen har blitt så høg som 49 °C i North Dakota, som ligg på same breiddegrad som Frankrike. Mexicogolfen sender opp mykje fukt over dei austlege områda av landet, slik at Minneapolis kan vere like fuktig som New Orleans midtsomars. Forholda er tørrare og friskare i Rocky Mountains, og vêret i California er ei verd i seg sjølv. I dei indre områda her finn ein både den steikande varme Death Valley og dei snøkledde Sierra Nevadafjella.

New England og den sentrale Atlanterhavskysten[endre | endre wikiteksten]

Snøstorm på Manhattan i New York City.

New England har eit typisk temperert klima med fire årstider: Ein varm sommar, ein kald vinter, ein solrik, men ofte kjølig vår og ein frisk, kjølig haust. Kortid som helst på året, men særleg frå oktober til juni, kan området kome ut for ein nor'easter, som har fått dette namnet fordi vinden bles frå nordaust når eit uvêr nærmar seg. Når dei flyttar seg opp langs kysten fører nor'easter vanlegvis med seg ein dag og to med regn, vind og gråvêr. Like ofte kan derimot eit høgtrykk flytte seg sørover frå Canada og gje nokre dagar med klårt og fint vêr.

Dei store kystbyane sørover langs kysten har eit klima mykje likt New England, men det vert gradvis varmare jo lenger sør ein kjem. Washington DC er i middel om lag 5 °C varmare enn Boston, som er nok til at sommaren nesten er subtropisk. Vinteren er òg litt mildare og byen får berre halvparten av snømengda som Boston får. Sommaren på austkysten er disig, varm og fuktig. Dei verste varmebølgjene kan sende temperaturen opp mot 40 °C når ein tørr vestavind strøymer nedover Appalachane, ei fjellrekkje som går parallelt med kysten frå Maine til Alabama. Stader i høgda er nokre grader kaldare enn områda ved kysten. Vinterkulda kan vere brutal frå dei øvre områda av staten New York og nordover i New England, der temperaturane kan bli lågare enn -35 °C. Dei store kystbyane får sjeldan temperaturar lågare enn -15 °C, men kvar vinter kan dei få snøstormar med sterk kuling og over 30 cm snø, som kan stenge flyplassar og motorvegar for ein dag eller meir. Orkanar og tornadoar oppstår ikkje så ofte i desse områda, men begge kan vere katastrofale når dei først slår til. Sjølv orkanar som berre kjem i nærleiken av desse områda kan skape farlege straumkvervlar og dønningar langs kysten. Bortsett frå alt dette har dei store kystbyane mykje fint vêr, særleg om våren og hausten då temperaturane er moderate og lufta forholdsvis klår.

Sørstatane[endre | endre wikiteksten]

Islamorada ligg i Florida Keys lengst sør i Florida, og har tropisk klima.

Klimaet i denne sørlege delen av USA er varmt og fuktig stort sett heile året bortsett frå midt på vinteren. Den midla maksimumstemperaturen er høgare enn 26 °C frå mai til oktober frå Louisiana til Georgia. Litt meir behagleg er det på kysten der sjøbrisen vanlegvis gjev litt vind på kysten på varme ettermiddagar, eller i Appalachane, som strekkjer seg så langt sør som til det nordaustlege Alabama og nordlege Georgia. Dei lange somrane i dette området inneheld vanlegvis ein del regn- og torebyger, og stundom ein tropisk storm eller orkan, som kan gje enorme nedbørsmengder.

Vinteren er meir varierande med klåre og fine dagar, ofte behagleg mildt, men av og til bitande kaldt, og ein kan ha alt frå kraftige torevêr til snø. Under El Niño-år regnar det ofte meir om vinteren her. Området frå Arkansas til Carolina er utsett for isstormar. Tornadoar kan oppstå året rundt, men er vanlegast om vinteren og tidleg på våren.

Nordlege delar av Florida har mykje det same klimaet som i resten av Sørstatane, men sør for Orlando er klimaet tropisk. Det er sjeldan frost her, og sola er skarp sjølv på vinterstid. Det meste av nedbøren kjem om sommaren i så godt som daglege regn - og torebyger med mange lynnedslag. Frå juni til november kjem òg ofte ein del av nedbøren i samband med orkanar som råkar Florida i gjennomsnitt ein gong i året.

Dei store sjøane og Midtvesten[endre | endre wikiteksten]

Lake Michigan nær Chicago ein kald vinterdag

Dei sentrale områda av USA har eit kontinentalklima, som vert påverka av element frå alle retningar. September og oktober er ofte den finaste tida på året, då den verste varmen frå sommaren har gjeve seg, og vinterkulda enno ikkje har kome. Vintrane her er like kald og ofte kaldare enn i dei nordaustlege områda, og ofte med stor vindavkjølingseffekt, men snøfallet varer som regel berre i korte periodar om gongen. Unntaket er langs den sørlege og austlege kysten av Dei store sjøane, der kaldluft som strøymer over dei relativt varme innsjøane om hausten og tidleg på vinteren fører til store snøfall. Av og til kan det kome ein meter snø på ein dag og to, medan områda ein times køyretur innanfor ikkje får noko. Varmeperiodar om vinteren her er tørrare og meir solrik enn i nordaust.

Ettermiddagane seint på våren og om sommaren kan ofte ha intense torevêr, særleg i områda frå Iowa og det sørlege Minnesota sør for Dei store innsjøane til Ohio. Kystområda av innsjøane har stort sett moderate temperaturar om sommaren, bortsett frå når varmebølgjer byggjer seg opp. Sommaren har ofte overraskande høg fukt på grunn av all fukta som fordampar frå jordbruksområda. Kombinert med varmestråling frå asfalt og bygningar kan fukta i byar som St. Louis og Chicago halde nattetemperaturen over 25 °C.

Dei store slettene[endre | endre wikiteksten]

Området frå North Dakota til Texas har steppeklima, ei overgangssone mellom det fuktigare regimet i aust og det tørrare området i Rocky Mountains og ørkenane lenger vest. Sommardagane kan bli svært varme, men luftfukta vert lågare når ein kjem lenger nordvest. Hausten er den mest behaglege tida på året her. Kaldfrontar om vinteren kan presse kald luft sørover frå Canada til Texas i løpet av få dagar. Like raskt kan lufta varmast opp, særleg like aust for Rocky Mountains der Stillehavsluft kan erstatte polarlufta på ein augneblink. I enkelte tilfelle har temperaturen stige med over 20 °C i løpet av få minutt.

Dei nordlege slettene er kaldare enn lenger sør, medan nedbørsfordelinga varierer frå aust mot vest. I søraustlege delar av Texas får Houston om lag 1200 mm på eit år, medan Del Rio i Rio Grandedalen lenger vest berre får halvparten. Utan store fjellrekkjer i området kan lågtrykk som utviklar seg aust for Rocky Mountains samle luft inn frå alle kantar, og vinden kjem ofte over 15-17 m/s (stiv kuling) på slettene, og vindstille er det sjeldan. I tørre vårsesongar kan støv blese opp i lufta og gje himmelen ein koparfarge og til og med sleppe frå seg eit tynt støvlag. Dette er ei påminning om dei katastrofale «Dust Bowl» sandstormane på 1930-talet. Når det er fukt i lufta og frontar nærmar seg, kan det oppstår kraftige tornadoar på desse slettene.

Rocky Mountains[endre | endre wikiteksten]

Death Valley er den varmaste staden i USA, og ein av dei varmaste i verda.

Ein kan ha store temperaturskilnadar i Rocky Mountains, både frå årstid til årstid og frå time til time. På grunn av høgda og låg relativ fukt kan temperaturen lett variere 20 °C i løpet av eit døger. Great Basin, eit ujamnt platå, utgjer ein god del av dei indre områda i vest, med lett snø om vinteren og korte sommaruvêr som kan utløyse bråe flaumar. Polarlufta klarer vanlegvis ikkje å trenge inn i bekkenet, men når den gjer det kan det medføre fleire veker med smog i byar som Boise og Salt Lake City. Somrane her er solrike med varme dagar og kjølige netter.

I dei store ørkenområda i Arizona, sørlege delar av Nevada og søraustlege delar av California er somrane brennande heite og svært tørre, bortsett frå eit par veker (vanlegvis i juli og august) i samband med monsunen (ein svakare versjon av den indiske monsunen). Temperaturane vert då litt lågare, men fukta aukar.

Byane i den austlege fjellsida, som Denver, har eit meir steppeliknande klima med torevêr om sommaren, kulde om vinteren og stundom periodar med kraftig vind. Utan mykje fukt til å regulere temperaturen, kan våren og hausten i Rocky Mountains vere både varm og kald.

Vestkysten[endre | endre wikiteksten]

Tåke er det ofte ved Golden Gatebrua i San Francisco.

Vestkysten er mykje fuktigare enn dei indre områda av California, Oregon og Washington. Unntaket er dei vestlege fjellsidene av Sierra Nevada som er kjend for å få enorme snømengder når den fuktige lufta frå Stillehavet strøymer over fjellet. Stillehavskysten i California har derimot eit middelhavsklima, med tørre og varme somrar. På kysten av California kjem det så godt som ingen nedbør frå juni til september, men om våren og tidleg på sommaren kan ein ofte ha tåke på grunn av dei kalde havstraumane utanfor. San Francisco er blant anna kjend for dette fenomenet. Vinteren er våtare i California og åssidene vert grøne, men det regnar sjeldan meir enn kvar tredje dag.

Lenger nord har ein derimot regn oftare, og skyene kan gjerne ligge ei veke og to i slengen. Somrane her er òg solrike som i California, men sidan dei ligg lenger nord er temperaturen nokre gradar lågare. Dei fleste lågtrykka om vinteren er svakare enn dei på austkysten, men det finst unntak. Lengre regnperiodar kan medføre flaum, og kraftig vind kan velte straumleidningar. Stundom kan polarlufta strøyme over Rocky Mountains og dei vestlege områda av Washington kan bli dekte av både is og snø heilt ut til kysten.

Under El Niño-hendingar aukar vanlegvis nedbøren i California om vinteren, medan dei nordvestlege områda får tørke. La Niña fører til motsette forhold og Seattle og Portland får meir regn enn vanleg, medan California får tørke.

Hawaii[endre | endre wikiteksten]

Honolulu på øya Oahu på Hawaii.

Den 50. staten i USA har tropisk klima med passatvind, mykje sol og stabile temperaturar. Sommaren er berre litt varmare enn vinteren, og skilnaden mellom dag- og nattetemperaturane er stort sett rundt 6 °C året gjennom. Dei største klimatiske skilnadane på Hawaii er geografiske. På grunn av vedvarande nordaustleg passatvind, får austsidene av øyane mest nedbør. Hiloøya Hawaii får om lag 3300 mm i løpet av eit år, medan vestkysten slik som Konakysten på øya Hawaii er nesten heilt tørre. Utslepp frå dei to vulkanane kan av og til blande seg med tåke og lage ei disig blanding som dei lokale innbyggjarane kallar «vog».

Honolulu, på søraustkysten av Oahu, har svært lite nedbør om sommaren, og akkurat nok nedbør om vinteren til å halde vegetasjonen grøn. El Niño-hendingar fører til at Hawaii vert litt tørrare enn vanleg. Sjølv om havområda rundt Hawaii er litt for kjølig til at orkanar kan oppstå, hender det av og til at ein og anna passerer forbi.