Klimpreinstrument

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Døme på oudmusikk
Døme på klimpreinstrument: Zitera, kora og valiha.
Indiske klimpreinstrument: Sarod, sitar og iktara.
Tzouras, baglamas og gitar.

Klimpreinstrument er strengeinstrument som normalt blir spela ved at ein klimprar på strengene med fingrane eller med eit eller fleire plekter. Eksempel på klimpreinstrument er harpe, gitar og mandolin. Cembalo er både klimpreinstrument og tangentinstrument. Instrument som fiolin og kontrabass, der ein både klimprar på strengene og stryk på dei med ein boge, blir kategoriserte som strykeinstrument.

Klimpreinstrumenttypar[endre | endre wikiteksten]