Klinkbygging

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Klink)
Samanklinka båtbord

Klinkbygging er ein byggemåte for trebåtar der båtborda overlappar kvarandre. Det vaert bygd eit skal ved at kvart bord vert lagt på utsida av bordet under. Før det vert festa vert det forma så båten skal få ynskt form når han er ferdig. Borda vert festa til kvarandre med båtsaum av metall. Etter at båten er oppborda, skalet har fått ynskt form, vert han forsteka med innved, band og betar, som styrker båten på tvers, og esing som styrker på langs.

Ein klinkbygd båt er lettare og mjukare enn ein som er kravellbygd. Ein mjuk båt vrir seg i sjøen i staden for berre å presse seg fram. Det har vorte sett på som ein fordel.


Historie[endre | endre wikiteksten]

Modell av Nydamskipet

Klinkbygging er ein båtbyggeteknikk som har sitt opphav i Nord-Europa. Hjortspringbåten, frå Als i Danmark, er tidfesta til kring 350 f.Kr. Ut frå ein botnstokk, truleg ein utspend stokkebåt, er det påbygd to plankar på kvar side. Desse er påsauma med lindebast.

Nydamskipet, datert til 310-320 e.Kr. har 5 kraftige eikeplankar på kvar side, som er samanklinka med jarnsaum. Det er er den eldste båten, bygd med denne teknikken, ein kjenner til.

Etter kvart gjekk utviklinga mot store,smidige båtar og roskip. Samanføyinga, både av bordgangane og forsterkande band veksla i skiftande grad mellom surring, bruk av jarnsaum og trenaglar.[1]

Etter dette fekk vi forsterka , havgåande skip, både handelskip og krigsskip. Desse vart forbetra ut gjennom vikingtid og sein mellomalder. I Noreg fekk vi typiske fraktefartøy, som klinkbygde jekter. Småbåtbygginga utvikla seg til ei mengd ulike, for det meste, bruksbåtar. Eini finn ulike byggetradisjonar over heile Norden.

Bruk og bygging av klinkbygde båtar gjekk tilbake då det vart vanleg med kravellbygging. Smbåtar har hatt sterk konkuranse av båtar bygde i kunststoff. Det vert likevel bygde ein del båtar med klinkbygging. Kopiar, og nylaga konstruksjonar av vikingskip vert og klinka. Organisasjonar og entusiastiske personar tek vare på tradisjon om bygging og bruk. Desse finn vi over store delar av Norden, og i andre land kring Nordsjøen og Austersjøen.

Grunndrag i bygginga[endre | endre wikiteksten]

Båtbyggaren har fått første borda på plass

Klinkbygde båtar har ofte vorte bygde i eigne hus, båtskot eller naust. Større båtar og skip har vorte bygde ute, men i seinare tid gjerne i hallar eller større bygningar.

Ved bygging av klikbygde båtar startar ein med kjølen, som står midt i båten, og som dei symetriske sidene vert oppborda ifrå. Kjølen vert tilforma med sag, øyks og høvel. Han vert fastkila i eit stabilt, horisontalt underlag. Kjølen vert forlenga i båe endar med lot og stamnar.I vestnorsk båtbyggetradisjon er dei feste med loddbeine skråskøytar(skaringar), som er insette med tjøre før dei vert fastklinka.

Båtborda har frå tidlegaste båtbygginga vorte tilforma med øks. Sjølv etter at sag har vorte vanleg reiskap, vert ein del av borda hogde. Særleg vert halsane, dei fremste og bakre borda, mange stader forma slik.

Bordgangane vert klinka saman med båtsaum. Det nedste omfaret vert festa til kjølen, ofte med kjølspikar. Det neste bordet vert lagt litt nedover det første på utsida, og tilpassa. Når det er på plass, vert det bora hol for båtsaumen. Avstanden mellom saumane er gjerne ei langspann i tradisjonelle norske bruksbåtar. Saumen vert sett i hòla frå utsida. Innvendig vert det tredd ei ro, ei tynn, skålforma metallskive, inn på saumen. Ho vert gjerne pressa på plass med klinkejarnet, ein tung hammar med eit tilpassa hol i. Tynnenden av saumen vert så avklipt, eller bøygd (nykt). Så vert saumen klinka. Ein tung reiskap vert halden som mothald, mot saumhovudet på utsida. Den avkappa enden av saumen vert så klinka mot roa med klinkhammarpennen. I ein bruksbåt er det viktig at klinkinga mot roa er glatt, så ikkje fiskereiskapar heng fast.

Den langsgåande skøyten mellom to bord vert kall ei su. Når to bord vert skøytte i lengda heiter skøyten skjerving.

Under oppbordinga vert det sett press på sidene i båten så han får rett skap. Når nokre bordgangar er påsette, vert dei nedste av band, botnbanda tilpassa og innsette.

Korleis siste del av oppbordinga og ferdiggjeringa av båten varierar mykje etter korleis båten skal sjå ut og kva eigenskapar han skal ha. Banda vert gjord ferdige, det vert innsett kne og bjelkar,keipar kjem på plass. Like eins esingar, langise eller vaterbord, om det skal vere i båten.

UNESCOs verdsarvliste[endre | endre wikiteksten]

14. desember 2021 vart den nordiske klinkbyggingtradisjonen innskriven på UNESCO si representative liste over menneska sin immaterielle kulturarv. [2]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Arne Emil Christensen: Forfedrenes farkoster. Norsk skipsbyggerkunst fra de eldste tider Pax Forlag A/S Oslo 2022 , ISBN 978-82-530-4310-4
  2. De nordiske klinkbåttradisjonene innskrevet på UNESCOs representative liste over menneskehetens immaterielle kulturar Forbundet KYSTEN