Klippehopparpingvin

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Klippehopparpingvin

Status i verda: VU Sårbar

Klippehopparpingvin, Eudyptes chrysocome på Falklandsøyane. Foto: Samuel Blanc
Klippehopparpingvin, Eudyptes chrysocomeFalklandsøyane.
Foto: Samuel Blanc

Systematikk
Rike: Animalia
Rekkje: Chordata
Klasse: Aves
Orden: Sphenisciformes
Familie: Spheniscidae
Slekt: Eudyptes
Art: E. chrysocome
Vitskapleg namn
Eudyptes chrysocome
Eudyptes chrysocome

Klippehopparpingvin (Eudyptes chrysocome) er ein liten pingvin som lever på øyar rundt heile Antarktis samt heilt sør i Sør-Amerika. Pingvinen kan delast inn i to underartar: E. c. chrysocome, sørleg utbreiing, og E. c. filholi, austleg utbreiing. Tidlegare var òg Eudyptes moseleyi, nordleg, rekna som ein underart.

Pingvinen blir 45-58 cm lang og veg oftast 2-3 kg. Han kan kjenneteiknast på eit sterkt gulfarga augnebryn som held fram bak auga. Dei lever på krill, blekksprut, plankton, blautdyr og krepsdyr.

Klippehopparpingvinen «Rocky» frå Akvariet i Bergen held rekorden for verdas eldste klippehopparpingvin. «Rocky» døydde i oktober 2003, 29 år og 4 månader gamal

Kjelde[endre | endre wikiteksten]