Kljutsjevskaja Sopka

Koordinatar: 56°04′N 160°38′E / 56.067°N 160.633°E / 56.067; 160.633
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kljutsjevskaja Sopka
fjell
Utbrot januar 2005
Land  Russland
Område Kamtsjatka
Fjelltype Stratovulkan (aktiv)
Høgd 4 750 moh.
Primærfaktor 4 649 m
Siste utbrot Juli 2007
Lettast tilkomst lett stein- og snøklatring
Førstestiging 1788 av Daniel Gauss og to andre
Koordinatar 56°04′N 160°38′E / 56.067°N 160.633°E / 56.067; 160.633
Kart
Kljutsjevskaja Sopka
56°04′00″N 160°38′00″E / 56.066666666667°N 160.63333333333°E / 56.066666666667; 160.63333333333
Wikimedia Commons: Klyuchevskaya Sopka

Kljutsjevskaja Sopka (russisk Ключевская сопка) er ein stratovulkan og det høgaste fjellet på Kamtsjatkahalvøya i Russland og den høgaste aktive vulkanen i Eurasia. Den bratte, symmetriske kjegla ligg berre 100 km frå Beringhavet. Vulkanen er ein del av UNESCO si verdsarvliste som Vulkanar på Kamtsjatka.

Kljutsjevskaja Sopka sitt første utbrot vart registrert i 1697 og har nesten vore konstant aktiv sidan den gong, som med mange av nabovulkanane. Han vart først klatra i 1788 av Daniel Gauss og to andre medlemmer av Billings-ekspedisjonen. Ingen andre var på toppen av fjellet før 1931, då fleire klatrarar mista livet på veg ned på grunn av fykande lava. Sidan denne faren framleis eksisterer er det få andre som har vore på toppen.

Kljutsjevskaja Sopka vert rekna som eit heilag fjell for dei innfødde i området og av desse sett på som ein stad der jorda vart skapt. Andre vulkanar i regionen har liknande tyding, men Kljutsjevskaja Sopka er den mest heilage av desse. Det vert sagt at guden Volkov skapte verda og at dette var staden han heldt jorda slik at akkurat denne staden ikkje vart lukka og gjort ferdig.

Utbrotet i 2008[endre | endre wikiteksten]

Frå tidleg i januar 2007 byrja Kljutsjevskaja Sopka ein ny utbrotssyklus. 28. juni 2007 kom det kraftigaste utbrotet i syklusen og oska som vart kasta opp i atmosfæren nådde ei høgd på 10 000 meter og dreiv vestover og påverka flytrafikken mellom Amerika og Asia. Oske fall ned på øya Unimak i Alaska.

Radarbilete av Kljutsjevskaja Sopka

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]