Kloakkdyr
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
| Kloakkdyr | ||
| Systematikk | ||
| Rike: | Dyr | |
| Rekkje: | Chordata | |
| Underrekkje: | Vertebrata | |
| Klasse: | Mammalia | |
| Underklasse: | Prototheria | |
| Artar | ||
| Vitskapleg namn | ||
| Monotremata | ||
Kloakkdyr (Monotremata) er ein biologisk orden av primitive pattedyr. Gruppa omfattar to familiar, nebbdyr og maurpinnsvin, og er utbreidd i Australia, på Tasmania og i Ny-Guinea. Evolusjonsmessig er desse dyra nærare krypdyra enn andre pattedyr, mellom anna legg dei egg og har kloakk – ei felles kroppsopning for ekskresjon og formeiring. Sjølv om dei høyrer til pattedyra manglar kloakkdyra patter; mjølkekjertlane skil mjølka ut direkte gjennom huda.