Klosterenga økologiboliger

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Fasaden av Klosterenga økologiboliger mot sør.
Foto: Hans Petter Fosseng

Klosterenga økologiboliger (Klosterenga burettslag) er ein økologisk bygard i Gamlebyen i Bydel Gamle Oslo i Oslo. Burettslaget ligg i Nonnegata 17-21 med inngang frå sør i Østfoldgata, ei sidegate til Schweigaards gate. Fasaden mot nord er mot Klosterenga skulpturpark. Burettslaget er med i Ungdommens Selvbyggerlag (USBL) og var ferdig i mars 2000.

Bygningen er på 6 etasjer og inneheld 35 leiligheter; 10 toroms-, 10 treroms- og 15 fireromsleiligheter[1].

Det økologiske bustadsprosjektet er det første i sitt slag i Noreg. Målet var å lage ein energieffektiv og miljøvennleg bygard. Bygningen har mellom anna solfangarar på taket for varmtvatn og golvvarme til leilighetene, fasaden mot sør har dobbel glassvegg som ein del av eit passivt solvarmesystem, og det er varmegjenvinning og balansert ventilasjon i leilighetene. Sentralstøvsugar, utvida avfallssortering, kompostreaktor, økologisk gardsrom og lokal rensing av gråvatn er andre element i bygardens økologiske profil[2].

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Klosterenga økologiboliger. Artikkel på nettsidene til Klosterenga burettslag (11. mars 2003)
  2. Klosterenga[daud lenkje]. Artikkel i Bladet BO nr. 3/2008 (29. september 2008)

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]