Klunkeflaske

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Klassisk klunkeflaske

Klunkeflaske eller klukkeflaske er ei flaske som er snevra inn slik at ho liknar på eit timeglas. Over- og underdelen er bundne saman med anten eitt eller fem opne tynne røyr. Klunkeflaska vart gjerne nytta til servering av brennevin.

Klunkeflasker med eitt ope røyr vil nesten alltid klukke. Når ein skjenker må lufta i flaska passere den eine innsnevringa, og då vil luftboblene lage ein klukkande lyd (klunking). Når flaska så vert snudd rett veg, går lufta opp i den øvre kolben og klukkar så igjen om det er nok væske. Skjenkinga kan derfor føre til meir moro enn med vanleg karaffel. Klunkeflaska vart fort populær og vart nytta både i borgarleg og folkeleg drikkekultur. Den er produsert både i klart, røykfarga og grønt glas.

Flasker med fem opne tynne røyr vil berre klunke om flaska er nesten full og ein heller med bratt vinkel slik at væska dekker alle fem røyra. Danske flasker kan ha denne konstruksjonen.

Klunkeflaska vart eit populært produkt då glasindustrien starta opp i Noreg på 1700-talet. Då var ho alt vel kjent på dei tyske glasverka. Fasongen har røter attende til seinmellomalderen då det vart populært med ulike typar skjemteflasker.[1]

I Noreg har det vore produsert klunkeflasker ved Nøstetangen, Hurdal, Gjøvik og Hadeland glassverk. På Gjøvik Glassverk vart klunkeflaskene produserte i klart glas med standard storleikar 1/4, 1/2, 3/4 og 1 pott.[2] Klunkeflasker var særs populære som romantiske kuriositetar på midten av 1800-talet. Det blir framleis laga klunkeflasker, m.a. på Hadeland Glassverk, men det er ingen stor produksjon. I dag blir klunkeflasker gjerne nytta til akevitt.

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Korshavn, Jan Håvard (1994): Norsk empire glass. Gjøvigs Glasværk 1807-1843. Gjøvik. ISBN 82-09323-21-2
  • Polak, Ada (1958): Glassboken. Oslo.
  • Østby, Jon Birger (1983): Nomenklatur for drikkestell, med tegninger av Torill Sand. Oslo

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Polak (1958) s. 58.
  2. Korshavn (1994) s. 143.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]