Knäred

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Koordinatar: 56°31′12.734″N 13°19′2.9640″E Knäred er ein tettstad i Laholms kommun i Hallands län i Halland i Sverige. I 2005 hadde tettstaden 1 129 innbyggjarar. Knäred ligg cirka 20 kilometer aust for administrasjonssenteret Laholm.

Knäreds kyrkje blei bygd i 1854, kyrkjeklokke og krusifiks er bevart frå mellomalderkyrkja på staden. I januar 1613 blei det her slutta fred mellom Sverige og Danmark etter Kalmarkrigen. Det står ein minnestein ved Sjöared. Sverige forplikta seg mellom anna til å betale ein million riksdalar for å få tilbake Älvsborgs fästning.

Elva Lagan har i Knäredsområdet fleire fossar med kraftstasjonar, som opp gjennom åra har forsynt både det sørlege Sverige og danske Sjælland med elektrisitet.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]