Knølkval
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
| Knølkval | ||
| Systematikk | ||
| Domene: | Eukaryota | |
| Rike: | Dyr | |
| Rekkje: | Ryggstrengdyr | |
| Underrekkje: | Virveldyr | |
| Klasse: | Pattedyr | |
| Orden: | Kvalar | |
| Underorden: | Bardekvalar | |
| Familie: | Finnkvalfamilien | |
| Slekt: | Megaptera | |
| Art: | M. novaeangliae | |
| Vitskapleg namn | ||
| Megaptera novaeangliae
Borowski, 1781
|
||
Knølkval, Megaptera novaeangliae, er ein bardekval i finnkvalfamilien. Han finst i alle verdshava, men er sjeldan i Middelhavet. Bestanden vart sterkt redusert over heile verda av industriell kvalfangst, før arten vart freda i 1966. Bestanden har sidan komme seg raskt i store område, og er no truleg over 60 000 individ på verdsbasis. Han er ikkje lenger rekna som truga. Det vert driven fangst i svært lite omfang frå St. Vincent. Dessutan har Japan starta opp att med forskingsfangst på knølkvalen i Antarktis.[1] Bestanden i norske farvatn er anslått til om lag 1200 dyr, og knølkvalen kan av og til dukka opp også inne i Sognefjorden og Oslofjorden.[2]
Fotnotar[endre]
Kjelder[endre]