Knøttene

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Knøttene er ein teikneserie skapt og teikna av amerikanske Charles M. Schulz. Serien heitte Peanuts på engelsk, og gjekk frå 2. oktober 1950 fram til 13. februar 2000, då Schulz døydde.

Knøttene starta som Li'l Folks (Småfolk), som blei gjeven ut ein gong i veka i avisa St. Paul Pioneer Press på heimstaden hans. Serien gjekk i avisa frå 1947 fram til han blei kjøpt opp av United Feature Syndicate i 1950. Serien måtte då bytta namn til Peanuts for ikkje å bli forveksla med ein annan serie som heitte Li'l Abner. Schulz skal ha vore misfornøgd med namnet, og ville heller bruka uttrykket «Gode gamle Charlie Brown», frå den aller første stripa, som tittel.

Charlie Brown er med i den første gjengen av «knøtt», og er delvis basert på Schulz sin eigen barndom. Andre opphavlege deltakarar er hunden hans, beaglen Snoopy, og dei to andre barna Shermy og Patty. Snoopy fekk etter kvart ein utvida rolle som tenkande og skrivande hund, og i tillegg kom fleire personar til. Desse kjem gjerne inn som småbarn, som ikkje kan snakka og bruker bleier, men tek etter kvart igjen dei andre i serien og får same alder.

På norsk heiter Charlie Brown som oftast Baltus Brun. Snoopy har halde på namnet sitt, men fuglevennen hans, som heiter Woodstock på engelsk, har skift kjønn i den norske utgåva og går under namnet Fredrikke.

Den siste originale Knøttene-stripa blei teikna den 3. januar 2000 og publisert i avisene den 12. februar, dagen etter at Schulz døydde.