Knøttspissmus
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
| Knøttspissmus | ||
|
Status i verda: |
||
| Systematikk | ||
| Domene: | Eukaryota | |
| Rike: | Dyr | |
| Rekkje: | Ryggstrengdyr | |
| Underrekkje: | Virveldyr | |
| Klasse: | Pattedyr | |
| Orden: | Spissmusdyr | |
| Familie: | Spissmusfamilien | |
| Slekt: | Sorex | |
| Art: | S. minutissimus | |
| Vitskapleg namn | ||
| Sorex minutissimus
Zimmermann, 1780
|
||
Knøttspissmus, Sorex minutissimus, er eit pattedyr i spissmusfamilien, og det minste pattedyret i Noreg. Ho veg opp til fire gram og har ein fire centimeter lang kropp med ein to-tre centimeter lang hale. Ho lever i nordlege delar av Eurasia frå Noreg i vest til den russiske stillehavskysten og Japan i aust[1] Det er uvisst kor stor og utbreidd bestanden i Noreg eigentleg er, då knøttspissmusa er vanskeleg å fanga og lett å oversjå.[2] Ho føretrekkjer våt granskog med mykje mose, men kan òg finnast i myr og i tørr furuskog. Ho er insektetar og kan eta to til fem gonger kroppsvekta si på eit døgn. Ungane blir fødd i mai-august med opp til sju ungar i kvart kull.[1]
Fotnotar [endre]
- ↑ 1,0 1,1 IUCN Red List of Threatened Species på engelsk
- ↑ Artsdatabanken.no
Kjelder [endre]
- IUCN Red List of Threatened Species på engelsk