Knarvik

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Knarvik
Knarvik sstt frå Høstefjellet i Bergen kommune
Knarvik sstt frå Høstefjellet i Bergen kommune
Geografi
Kommune Lindås
Fylke Hordaland
Folkemengd[1] 5 013 (2012)
Folketettleik 1 282,1 /km²
Areal[1] 3,91 km²
Annan informasjon
Ferdselsårer E39 57
Postnummer 5914 ISDALSTØ
Kart
Knarvik is located in Hordaland
60°32′49″N 5°17′1″EKoordinatar: 60°32′49″N 5°17′1″E

Knarvik er ein tettstad og kommunesenter i Lindås kommune, og fungerer som regionsenter for Nordhordland. Tettstaden har kring 4500 innbyggjarar. Postadressa til Knarvik er Isdalstø, som ligg kring 2 kilometer frå Knarvik.

Før 1970-talet var her ikkje meir enn kring 30 innbyggjarar, men då Hordaland fylkeskommune avgjorde at Knarvik skulle byggjast opp som regionsenter, skaut utviklinga fart. Knarvik Senter vart i løpet av få år eitt av dei største kjøpesentra i landet. Kommuneadministrasjonen vart flytta til Knarvik frå Lindås, som ligg nord i kommunen.

Bustadutbygging, skuleutbygging og auka næringsverksemd førde til at Knarvik vart den største tettstaden i Nordhordland i løpet av 1980-talet. Fram til opninga av Nordhordlandsbrua i 1994 var ferjesambandet som batt saman Nordhordland med Bergen, Knarvik - Steinestø, det mest trafikkerte i landet målt i tal på bilar.

I september kvart år vert mosjonsløpet Knarvikmila skipa til.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Statistisk sentralbyrå Folkemengd og areal, 1. januar 2012.
Spire Denne Hordalandartikkelen som har med geografi å gjere er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.