Knekkebrød

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Rundt knekkebrød
Firkanta knekkebrød

Knekkebrød (på svensk Knäckebröd (spisbröd, hårt bröd, hårdbröd)) er ein type flatt og hardt brød houvdsakleg laga av rugmjøl. Det er skandinavisk tradisjonsmat som i nyare tid er blitt utbreidd over heile verda som feittfattig og fiberrik og rekna som sunn kost. Næringsverdien kan aukast ved å bruka fleire ulike kornslag i deigen og gjerne også ulike frø på brødet. Knekkebrød kan etast som ein del av eit måltid, særleg frukost og mellommål, med eller utan pålegg.

Det stammar frå Sverige.[1]

Knekkebrød kan lagast uheva, eller hevast ved hjelp av til dømes gjær eller surmjølk. Brødet blir steikt i tynne plater og sidan tørka ved svak varme.

Knekkebrød bakast ut til tynne, flate kaker som får eit finmaska holmønster av ein brødnagg eller gropar av eit knekkebrødskjevle. Kakene steikast ved høg varme i kort tid og blir så tørka. Ettersom det etterpå inneheld mindre enn 10 prosent vatn er knekkebrødet særs haldbart, noko som var enda viktigare i gamle dagar då ein ikkje hadde andre former for konservering[2].

Knekkebrød blir ofte bakt av fullkornsmjøl av rug, både grovt og fint, men innblanding av andra mjølsortar forekjem. Både firkanta og runde kaker, ofte holkaker, er vanlege.

Det er mogleg å bake knekkebrød heime, men det meste knekkebrødet blir i dag tilverka industriellt. Bakar ein eige knekkebrød er eit knekkebrødskjevle eit bra verktøy.

Svenskt knekkebröd kan ein til og med kjøpe i USA. Knekkebrød av merket Wasa finst t.d. å kjøpe i Irland og på Malta. I Sverige har 85 prosent av hushalda knekkebrød heime, i Tyskland er det 45 prosent og i Frankrike berre 8 prosent[1]. Wasabröd er verdas største knekkebrødprodusent.

Knekkebrødsmerke[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Knäckebröd 03. Göteborgs-Posten, 2003.
  2. Mathistorisk uppslagsbok, Swahn, Jan-Öjvind ISBN 91-89086-49-X

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]