Knight Online

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Knight Online er eit gratis MMORPG utvikla av MGame Corporation og Noah System. For augneblinken er det mange forskjellige selskap som held spel-servarene oppe etter geografisk region. Somme er Free to Play (gratis å spele), medan andre er Pay to Play (ein må betale for å kunne spele).

I august 2006 blei ein ny ekspansjonspakke, Reign of The Fire Drake, sleppt ut. Denne inneheld drastiske forandringar i spelet; blant dei eit splitter nytt brukargrensesnitt og 10 nye spelar-/ dugleiksnivå (levels).

Kongerike[endre | endre wikiteksten]

Spelet går føre seg i to kongerike, Karus (orkar) og El Morad (menneske), som stadig er i konflikt. Ein må velje eitt av desse kongerika før ein startar spelet. Ein kan ikkje skifte kongerike igjen utan å måtte betale for ein såkalla nation transfer.

Klasser/jobbar[endre | endre wikiteksten]

Knight Online har fire forskjellige klassar (classes) for begge kongerika: Warrior, Rogue, Magician og Priest. Kvar klasse har grunnleggjande dugleikar (skills) i tillegg til 3 forskjellige dugleiks-tre som dugleikspoeng kan bli lagde til. Ein får 2 dugleikspoeng (skill points) kvar gong ein går opp i spelarnivå (level) etter nivå 10. Kvar klasse har også eit sett med meisterdugleikar. Meisterdugleiks-poeng får ein ved å fullføre visse oppdrag (quests) etter nivå 60.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]